Fortsatt lett match!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

 

Fortuna Hjørring 2 – FK Fortuna Ålesund

Dana Cup
Gruppespel 2 x 25 min.
26.07.

I dag tidleg kl.08.30 var det klart for kamp 2 i turneringa og igjen so vart det ikkje dei store
utfordringane for ein vaken Fortunagjeng.

Slik starta vi i 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord og Ida Kroken.
Mette Muri(K) og Stine Reite.
Kari Skovly, Vivian Saadi og Ingrid Vatne.
Malin Sunde.

Innbytte :
– 26 min : Marthe, Ida, Reite, Vatne, Oda og Malin ut.
Inn kom Lisa Raknes, Helena Vattøy, Anna Fjørtoft, Katarina Sunde, Birgitte Bjørlykhaug
og Kristine Gulbrandsen.
– 37 min. Mette, Cecilie, Kari, Stine M og Vivian ut.
Inn igjen kom Ida, Oda, Reite, Malin og Ingrid.

Mål :
– 1-0 6min. Malin(Kari).
– 2-0 15min. Vivian(Malin).
– 3-0 20min. Vivian.
– 4-0 21min. Malin.
– 5-0 39min. Katarina(Malin).
– 6-0 45min. Birgitte(Malin).

Kampen :
Ein ny kamp der klasseskilnaden var stor, sjølv om motstanden var eit lite knepp opp frå i går.
Vi var nok litt mindre effektive i dag, det var nok hovedgrunnen til at det «kun» var 6 mål.
Deilig er det å igjen kunne øve på angrepssspel og få brukt heile troppen på ein god måte.
Med dette er vi gruppevinnarar alt før siste kampen mot Molndal frå Sverige kl.15.30 i dag.
Bli ikkje overraska om det bli ein del mål også her……:)

Coach Magne

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!