FK Fortuna Ålesund sin visjon er å etablere seg blant landet 15 beste klubbar,videreutvikle lokale jenter til toppspelarar og vere ein jamnleg levrandør av spelarar til norsk toppfotball.

Etter nedrykket til 2.divisjon i 2016 og sidan vi tapte kvalikken om opprykk i år, så er vi dessverre eit stykke unna å vere blant landets 15 beste dameklubbar pr. no på senior nivå.
Sommaren 2014 låg Fortuna på kvalifiseringsplass til Toppserien, ein plass ein kjempa om utover heile høsten. Tapet av 3-4 av våre beste spelarar den høsten gjorde at vi enda som nr. 4 og landets 16. beste lag.

På juniornivå er vi utan tvil blant dei beste i landet, det historiske NM-gullet i høst er eit klart bevis på akkurat det !

I kamp etter kamp slo vi ut meget gode lag og presterte på høgt nasjonalt nivå – Til slutt stod vi igjen som NORGES BESTE LAG !

Vår største utfordring for å kunne klare målsetninga om å etablere oss topp 15 i Norge, det handlar om å klare å løfte gjennomsnittsalderen i laget – behalde fleire lengre, slik at ein kan vere meir konkurransedyktig. No forsvinn for mange etter endt vidaregåande skule. Enten forsvinn dei og prioriterar studiar, eller så går dei vidare til andre toppklubbar. Når det gjeld å skape og sende spelarar vidare til andre klubbar i norsk toppfotball, så har vi vore meget gode om vi ser på den siste 6 års perioden.

Heile 13 spelarar(inkludert Malin og Ingrid som skiftar ved årsskiftet) har teke steget vidare får Fortuna til andre klubbar i norsk toppfotball(toppserien og 1.divisjon) i denne perioden.

10 spelarar frå Fortuna har spelt toppserie i denne perioden(siste 6 åra), og Malin blir den 11 spelaren som går til ein toppserieklubb i same perioden. I løpet av desse siste 6 åra, so har heile 8 spelarar landskampar som Fortunaspelarar: Josefine Ervik, Sigrid H. Hansen, Kristine B. Leine, Cecilie H. Fiskerstrand, Mette O. Muri, Stine O. Muri, Emilie Nautnes og Malin S. Sunde.

Her er ei liste over spelarane som har gått til andre toppklubbar med litt fakta :

Fride Mørkeset : 92 modell frå SK Guard – Spelt toppserie for Amazon Grimstad og Sandviken frå 2012 til og med 2015.
Spelte 66 kampar i toppserien. Fortunaspelar frå 2008 til og med 2011. Spelt ca. 85 kampar for klubben.

Andrea Gran Berild : 92 modell frå Spjelkavik – Spelt toppserie for Kolbotn i 2013, totalt 17 kampar.
Spelte ca. 85 kampar for Fortuna i perioden 2009 og ut 2012 + nokre få kampar i 2014. Har lagt fotballskoa på hylla.

Josefine Ervik : 94 modell frå Blindheim – Spelt toppserie for Vålerenga frå 2014 og er i klubben endå. Totalt 32 kampar.
Var ein kort periode i LSK på lån i 2013 og spelte 3 kampar. Spelt ca. 45 kampar for Fortuna i perioden 2011 til og med 2013.

Lise Janbu Eide : 92 modell frå Elnesvågen – Spelt toppseriekampar for både Vålerenga og Urædd( totalt 15) og har 40 kampar for ØHIL
der ho er no. Spelte 48 kampar for Fortuna i 2013 og 2014.

Isabell Bårdsgjære : 95 modell frå Sykkylven – Spelt 30 kampar for Røa i toppserien og over 20 kampar for ØHIL i 1.divison der ho er
no. Ho spelte 43 kampar for Fortuna i perioden sommaren 2012 til sommaren 2014. Har 13 aldersbestemte landskampar.

Sigrid Heien Hansen : 95 modell frå Sandane – Spelt 45 kampar for Arna Bjørnar i perioden sommaren 2014 til og med 2016.
Gjekk til Kolbotn vinteren 2017, men har vore ute i heile år med sjukdom. Spelte ca. 50 kampar for Fortuna i perioden 2012 til
sommaren 2014. Har 11 aldersbestemte landskampar.

Henrikke Andrea Nørve : 94 modell frå Fiskaa – Gjekk til ØHIL i 2015 og er der endå. Spelt ein del kampar i 1.div. i 2015 og 2016.
Spelte 48 kampar for Fortuna i 2013 og 2014.

Pernille Gardien : 95 modell frå Spjelkavik – Har hatt 3 korte innhopp i toppserien for Røa og Vålerenga. Spelt 1.divisjon for Grei i 2017.
Spelt 29 kampar for Fortuna i to periodar. 17 kampar i 2012 og 12 kampar i 2014.

Cecilie H. Fiskerstrand : 96 modell frå Langevåg – Spelt 31 kampar for Stabæk(5) og LSK(26) frå sommaren 2014 til i dag.
Spelar i dag i LSK. Spelte 11 kampar for Fortuna i 2014, men var ein del av Fortunamiljøet i fleire år før ho melde overgang.

Spelt 20 aldersbestemte landskampar og har 15 A-landskampar for Norge.

Kristine B. Leine : 96 modell frå Skodje – Har spelt 61 kampar for Røa i toppserien der ho er endå.
Spelte 77 kampar for Fortuna frå sommaren 2011 til og med sommaren 2015. Spelt 20 aldersbestemte landskampar, vore i mange
A-landslagstroppar og fekk sin debut i november.

Emilie Nautnes : 99 modell frå Aukra – Spelt 58 kampar for Arna Bjørnar sidan overgangen sommaren 2015. Er i klubben endå.
I Fortuna spelte Emilie 29 kampar i løpet av 2014 og fram til sommaren 2015. Spelt 38 aldersbestemte kampar for Norge.

Ingrid G. Alnes : 97 modell frå Sykkylven – Spelt 83 kampar for Fortuna i perioden 2014 til og med 2017.
Går til Byåsen sitt lag i 1.divisjon ved årsskiftet.

Malin S. Sunde : 00 modell frå Spjelkavik – Spelt 56 kampar for Fortuna i perioden frå 2015 til og med 2017.
Går til Trondheims Ørn i toppserien ved årsskiftet. Malin har 24 aldersbestemte landskampar.

Dette viser at det blir jobba godt i klubben i forhold til å utvikle spelarar.
Fleire andre spelarar frå vårt NM-lag er i kikkerten til fleire toppklubbar…….
Spelarar som vil bli best kan utan tvil gjere det gjennom å ta steget via FK Fortuna Ålesund !

Vi ser fram til å utvikle endå fleire og betre spelarar i 2018 og ikkje minst jakte opprykk tilbake i toppfotballen !

Magne

Kategorier: Nyheter