Herd – Fortuna Ålesund

Kvalifisering J19 NM

I kveld skulle det avgjerast om Herd eller vi skulle gå inn i 1.offisielle runde for J19 NM på Moa Amfi Stadion.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Vilde Kroken.
Stine Reite(K), Anna Fjørtoft
Birgitte Bjørlykhaug, Vivian Saadi, Kari Skovly
Malin Sunde
Innbyttarar :
– 70 min. Vivian ut og Kristine Gulbrandsen inn.
– 75min. Anna ut og Line Magerholm inn igjen.
Mål :
0-1 13min. Malin Sunde(Vivian).
0-2 33min. Malin Sunde.
1-2 37min. Herd.
1-3 42min. Vivian Saadi(Malin Sunde).

Kampen :

Vi har satt oss tøffe mål i J19 NM i år. Vi ynskjer å vere ein seriøs utfordrar til å gå heile vegen, og då måtte sjølvsagt Herd setjast på plass. Det var tydeleg at folk var litt ekstra spente og klare til kamp i dag, for no var det vinn eller forsvinn. La det vere sagt med ein gang, Herd er eit godt J19 lag ! Like sikkert er det at vi var det beste laget, sjølv om vi periodevis presterar ustabilt.

Førsteomgangen er solid, vi har bra struktur og vi leiar fortjent 3-1 til pause. Andreomgangen er meir rotete, vi fell litt for ofte ut av konseptet, og slurvar ein del med ball. Likevel har vi fleire gigantiske sjansar til å punktere kampen, men når vi ikkje gjere det, så leve kampen heilt inn.

I cupen blir det uansett ikkje delt ut stilkarakterar, det handlar kun om å vinne og når vi gjer det er vi strålande nøgde.

Vi ynskjer å vere det klare flaggskipet på jentesida på Sunnmøre, og viste igjen i dag at det er ingen tvil om at vi nettopp er det ! 

* Fortunajentene kviler ikkje lenge på laubæra, for allereie laurdag er det klart for ny kamp.

Då skal vi møte Sunndal på bortebane i 1.runde NM Senior.

Vi gledar oss til fortsettelsen 🙂

Sportsleg hilsen : Magne Elde

Kategorier: Nyheter