FK Fortuna Ålesund – Hødd

J19 NM – kvalifisering

Slik starta vi : 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, vilde Kroken
Stine Reite(K), Anna Fjørtoft
Kari Skovly, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Malin Sunde
Innbyttarar :
– 46min. Marthe ut og Lisa Raknes inn.
– 65min. Stine Reite ut og Marthe inn igjen.
Mål :
– 1-0 38min. Stine Reite(Malin Sunde).
– 2-0 61min. Malin Sunde(Vivian Saadi).
– 2-1 89min.
Kampen :
Det var i dag klart for årets første offisielle kamp, då Hødd var motstandar på Blindheim.
Etter mange gode kampar og mykje positivt i sesongoppkøyringa til no, så er det ikkje
å stikke under ein stol at kampen i kveld var eit klart tilbakesteg.
Men slik er fotballen, ikkje noko tre veks rett inn i himmelen……..
Vi er jo klart best, men det “luggar” veldig offensivt med mange enkel feil  med ball.
Uansett er slike kampar god læring å ta med seg vidare.
Mest gledeleg i dag var det utan tvil å ha Stine Reite tilbake på bana etter skadar i vinter !
* Marthe Bjørhovde, Ingrid Vatne og Vilde Kroken spelte alle sin første offisielle Fortunakamp i dag.
Vilde er på utlån frå Langevåg, for å spele kvalifiseringa for J19 for oss.
* Neste kamp i J19 er mot Blindheim ein dag i veke 12.
Vinn vi denne spelar vi finale om å komme med i 1.runde NM J19 mot vinnaren av den andre kvalifiseringsgruppa.
Kategorier: Nyheter