FK Fortuna Ålesund – Blindheim
Kvalifisering J19 NM 20.03. – Blindheim stadion.

Resultat : 3-1(3-0).
Gule kort : Ingen.

Dommar : Zenun Murati, Giske IL.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde(K)
Stine O. Muri, Ellijanne Andersson, Kristine Gulbrandsen, Sanna Aslaksen
Martine A. Olsen og Nora M. Ferstad
Daniela D. Gudnadottir, Jenny Fylling, Ellen Tafjord
Anna Brenne

Innbytte :
-65min. Solveig Engås inn og Daniela D. Gudnadottir ut.

Mål :

-1-0 1min. Ellen spelar igjennom til Anna på løp, som kjem seg ned til dørlinja og slår på tvers inn igjen framfor mål der Jenny kjem på ballen og berre kan breiside den i mål frå kort hald.
-2-0 11min. Etter litt fram og tilbake får Anna ballen i beina i 16 meteren. Ho legge tilbake til Jenny som frå 11-12 meter skyt ballen i mål.
-3-0 40min. Daniela blir spelt igjennom og ho skjer inn i bana og skyt i mål.
-3-1 58min. Blindheim leverar eit flott angrep og Kristine Ødegård skyt i mål i lengste hjørne.

Kampen :

Vi tek tak i kampen direkte og det tek kun 47 sekundar før Jenny har sendt oss i 1-0 leiing.
Resten av omgangen har vi stort sett kontroll og vinne omgangen med greie 3-0.
Etter pause fell vi litt i kvalitet, men fortsette å styre kampen og skape målsjansar.
7-8 store målsjansar etter sidebytte bør definitivt gje minst 2-3 nye mål, men det blir ein mållaus omgang for oss.
Blindheim får si redusering i andreomgangen.

Ein ok kamp for vår del, men vi må utan tvil opp eit hakk til om det skal bli siger mot Herd i den avgjerande kampen mandag.
Veldig positivt at både Ellijanne, Daniela og Solveig no er på veg tilbake for fullt etter sine skadar.
Vi går for siger mot Herd !

Tabell :

Herd, 6 poeng, målskilnad 8-0.
Hødd, 6 poeng, målskilnad 6-7.
Fortuna, 3 poeng, målskilnad 4-3.
Blindheim, 0 poeng, målskilnad 4-12.

Siste kampen går mellom Herd og Fortuna mandag 25.mars.

Fortuna må vinne denne kampen for å ta 2.plassen.
Dei to beste laga går til 1.ordinære runde i NM J19.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund