Full kontroll = 3 poeng!

Facebook
Facebook
INSTAGRAM

Hødd – FK Fortuna Ålesund
3.serierunde 04.05. Høddvoll stadion.

Resultat : 0-3(0-2).
Gule kort : Agata Drozdzik, Hødd.
Dommar : Steinar Hjelle, Sunnylven IL.
Tribune : Ca.60 tilskodarar.

Mål :
-0-1 17min. Nora kjem framover på si venstresida og spelar inn i bakrom til Anna,
som rundar keeper og skårar sikkert.
-0-3 22min. Mette vinne ball litt inn på Hødd sin halvdel. Ho trer glimrande på fot til Anna
som har drege seg litt ut mot høgresida. Ho vendar opp og serverar eit strålande innlegg
langs bakken, som Ingrid kan berre setje lett i mål frå kort hald på bakre stolpe.
-0-3 80min. Daniela slår eit innlegg som går via ein Hødd-spelar,
og på 5 meteren dukkar Stine Reite opp og heddar ballen i mål. Dette på sin første touch
på ballen etter at ho er kome på bana !

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Oda Tennfjord og Vilde S. Kroken
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-66min. Oda ut og Martine A. Olsen inn.
-66min. Ingrid ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
-79min. Stine ut og Ellijanne Anderson inn.
-79min. Vilde ut og Stine Reite inn.

Kampen :
I førsteomgangen i dag styrar vi kampen totalt både i ballinnehav og målsjansar.
Vi skapar 8-10 store målsjansar og har i tillegg ein 5-6 nestensjansar og ein del dødballar.
Resultatet av dette er 2 skåringar og 2-0 leiing til pause.
Hødd på si side skapar vel kansje ein liten mulighet i omgangen.
Vi har stålkontroll defensivt og vi skapar som sagt mykje offensivt, men er dessverre for upresise
i avsluttningane. Solveig(fleire), Anna, Kari og Kristine er blant dei som kjem seg til skåringssjansar.

I andreomgangen klarar vi ikkje å følge opp, dessverre.
Vi fell ned i tempo, vi slurvar med ball og vi blir ståande å spele fotball.
Då inviterar vi Hødd til å vere med å «leike». Likevel er det vel i realiteten aldri nokon fare,
då Hødd kansje skapar 1-2 store mulighetar.
Vi får 3-0 skåringa vår med Reite og i tillegg har Kari, Mette og Ingrid
blant anna kvar sine store sjansar til å skåre mål.
Til slutt vinne vi fortjent og kontrollert 3-0.

Kaptein Mette om kampen :
Vi spiller ikke noen «stor» kamp i dag, der vi blir litt for upresise med ball og finner aldri heilt rytmen og flyten i kampen.
Likevel er det sterkt å ta med seg en 3-0 seier hjem fra Høddvoll på en middels dag fra vår si side.
Vi skal jobbe godt den kommende uka, slik vi er klare for en bedre prestasjon borte mot Nardo !

Trenarkommentar :
Dagens kamp kan på mange måtar delast opp i 2 delar.
Førsteomgangen er eg meget godt fornøgd med. Andreomgangen det motsatte, den er under pari i store periodar.
Kansje blir vi for komfortable, kansje sete Moldekampen onsdag i beina endå, eller kansje sa vi noko gale i pausa ?
Ikkje veit eg her og no, men litt skuffa over at vi ikkje klarar å levere ein betre andreomgangen det er vi nok.
Uansett, vi kan ikkje dvele eller fokusere for mykje på dette. Vi vann 3-0, vi burde vunne med doble siffer etter sjansar
og ikkje minst held vi framleis 0 baklengs etter 3 spelte kampar. Ikkje nok med det så er vi på tabelltopp i helga,
då K/H har spelefri og ikkje kan passere oss 😊
Den siste veka med 3 kampar har gjeve oss 6 poeng, avansement i NM damer og 14-1 i målskilnad – det er jo strålande !
Vi løftar blikket og ser fram til ei god treningsveke, før vi skal på årets første Trondheimstur neste helg.

Andre kampar i helga :
Træff – Nardo, 2-3.
Herd – Molde søndag.
Sunndal – Trondheims Ørn 2 søndag.

Vår neste kamp er bort mot Nardo lørdag 11.mai kl.13.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund