FK Fortuna Ålesund – Træff
Treningskamp 23.02. – Blindheim idrettspark.

Etter siger 5-4 mot Molde i årets første seriekamp, så var det
nyopprykka Træff som stod på «menyen» under flotte speleforhold på Blindheim.

Resultat : 4-0(2-0).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Martin Solheim, Spjelkavik IL.
Tribune : Ca. 70 tilskodarar.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei(K), Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen
Oda Tennfjord og Nora M. Ferstad
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-46min. Kari ut og Mette O. Muri inn.
-61 min. Ingrid ut og Jenny Fylling inn.

Mål :
-1-0 4min. Anna Brenne(Stine Muri).
-2-0 13min. Ingrid Vatne(Kari Skovly).
-3-0 80min. Oda Tennfjord.
-4-0 81min. Anna Brenne.

Kampen :
Som forventa blir det ein kamp der vi styrar det meste som skjer, og kun sporadisk og ved få
høve klarar bortelaget og få satt noko eige spel eller true oss.
Vi får ein god start på kampen, då vi etter berre 4 minuttar går i 1-0 leiing.
Oda spelar ballen ut til Stine på høgresida vår som slår eit god innlegg, der Anna fangar opp ballen mellom keeper og stoppar og set ballen kontrolert i mål. Knappe 10 minuttar seinare er det klart for 2-0, då Kari vinne ballen og set fart inn i feltet og serverar Ingrid som skyt via keeper og i mål frå 11-12 meter.

Resten av førsteomgangen handlar om ein del fine kombinasjonar, mange dødballar,
ein del nestensjansar, eit par store sjansar, men det blir ikkje fleire skåringar.
Træff skapar ein liten mulighet i omgangen, men Marthe har kontroll på skuddet frå skrått hald.
Pausepraten handlar om fokus på dei delane av spelet vi ville ha fokus på før kampen
og å få gjort andre småjusteringar.

Andreomgangen er ikkje veldig ulik førsteomgangen, anna enn at medan vi skåra tidlege mål
før pause, så kjem skåringane i siste delen av omgangen.
Vi har ballen omtrent heile tida i andreomgangen i dag, og den einaste farlegheten til Træff
kjem etter ei feilpasning i frispelinga vår, men avslutninga til Træff er for svak.
Vi spelar som sagt omtrent heile tida mot eit lavtliggande Træff-lag, og det handlar berre om
presisjon på siste 1/3 del som gjere at vi ikkje skårar fleire mål og får fleire klare målsjansar.
Etter 80 minuttar kjem 3-0 då Oda er på plass i feltet og set ballen i mål frå kort hald etter ein corner.
Kun gode minuttet seinare er det klar for 4-0, då Mette skyt frå 13-14 meter og Anna er på
plass og set returen frå keeperen i mål.

Til slutt endar kampen med ein solid og god 4-0 siger.

Kaptein Mette om kampen :

Vi tar tak i kampen fra start og styrer det meste som skjer. Vi er trygge og solide bakover, mens det kanskje lugger og varierer litt mer framover.
Litt for unøyaktige på siste tredjedel og mange nye relasjoner gjør at vi ikke skaper enda flere klare målsjanser.
Vi viser uansett tidvis godt spill, med mye positivt å bygge videre på fremover.

Trenarkommentar :
Med klare og definerte punkt både defensivt og offensivt som vi har jobba med,
og som vi ikkje minst må ta nye steg på, så gjekk vi på bana i dag med eit ynskje
om å gjere nettopp det.
I forhold til desse arbeidsoppgåvene lykkast vi periodevis godt synest eg,
samstundes som målet om å ikkje sleppe inn mål stod til 100 %.

Vi har hatt ein del spelarar ute med skade og sjukdom i det siste og kombinert med
J19 kamp for mange seinast onsdag, så var det spennande å sjå om energien i laget
likevel kunne vere på eit godt nivå. Det vil eg seie at den i store delar av kampen var !

Træff som vann 3.divisjon på Nordmøre totalt suverent i 2018 vil nok måtte kjempe
på nedre halvdel i 2.divisjon 2019. Likevel er det eit lag som er fysisk sterke, jobbar hardt
og samstundes har nokre spelarar som kan skape trøbbel for motstandarane.
I treningskampen mellom Molde og Træff tidlegare i vinter vann Molde 3-1.
No blir det nokre veker for oss utan kamp, der vi skal trene og jobbe meir med spelet vårt,
før vi skal spele mange kampar i mars mot gode lag som Grei(1.div), Kaupanger(1.div) og
KIL/Hemne med fleire.

Vi tek med oss ein bra prestasjon og ein fin følelse med oss på vegen vidare 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund