Det er med stor glede at vi kan meddele at Henrikke Andrea Nørve(24),
no skal vere ein del av Fortunagjengen resten av 2018 sesongen.

Henrikke kom til Fortuna Ålesund sommaren 2012 og spelte for klubben ut 2014 sesongen.
Dei siste åra har ho studert ved idrettshøgskulen i Oslo og spelt for ØHIL.

Sidan januar fram til i sommar har ho studert i Danmark.
Der har ho også spelt for klubben ASA Fodbold i Århus.

I løpet av 2013 og 2014 sesongen spelte Henrikke 48 offisielle kampar for klubben.
Frå si høgre kantrolle, så var ho den spelarane i 2014 sesongen med flest assist.

Henrikke er ei haldningssterk og fotballklok dame, som vi trur vil bidra positivt
i gruppa vår i ein høst som vi håpar skal bli særs spennande.

Henrikke får draktnummer 7.

Velkommen tilbake, Henrikke 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund