Her i Spania er vi so heldige å ha fått låne med oss to svært spennande og dyktige fotballjenter, for å supplere vår tropp og ikkje minst for å gje desse jentene ein smak av kva det vil seie å vere ein del av Fortuna. Begge jentene har utan tvil markert seg positivt og vist at dei har mykje fotball i seg.

Sara Kanutte Fornes er 01 modell og kjem frå Gossen IL.
Sara er ein av dei nest spennande 01-modellane på Nordmøre og har vore fast på alt av krets og fylkeslag.
Ho er ein offensiv spelar som i utgangspunktet er spiss/venstre kant.
Sara var med oss til Trondheim tidlegare i år, og då brukte ho kun 1 min. og 50 sekund på å skåre mot 1.divisjonslaget KIL/Hemne.
Som spelar har ho ein giftig venstrefot, god fart, er flink 1 mot 1 og har ein god fotballforståelse.

Kristine Guldbrandsen er 02 modell og kjem frå Skodje IL.
Kristine er ein av dei mest spennande 02-modellane på Sunnmøre og var vore fast på krets og fylkeslag.
I tillegg deltok ho på landsdelssamling for kort tid sidan med gode tilbakemeldingar.
Kristine har vore på lån hos oss ein månad og hadde innhopp i både J19 og dame NM.
Som spelar er ho rask, er sterk i duellspelet og har ein bra basis. Ho er også svært lærevillig og tek instruksjon og rettleiing raskt.
Mange vil meine at ho liknar mykje på ei tidlegare Skodje-jente i spelestilen, som no spelar i Toppserien og er fast på U23 landslaget…..

Vi er glade for å få ha desse jentene med oss, og vi takkar klubbane for lån av dei.

På spørsmål til Kristine i dag om ho likte seg med oss her i Spania, så kom svaret raskt og kontant : «Eg elskar det» !

Sportsleg helsing
Magne Elde