Etter 3 veker ferie frå fellestreningar i sommar, so har vi vore godt i gang igjen med treningar
og anna aktivitet i 1 månad. Høgdepunktet i sommar er sjølvsagt Dana Cup og vårt sølv der.
Ein flott opplevelse og eit kjekt minne vi tek med oss vidare.

Spelarane har trent godt i sommar, først på eigahand, og no siste månaden saman med laget.
Vi går ein spennande høstsesong i møte,
med kampen om opprykk som hovudrett og NM J19(der vi er i 8-delsfinalen)som desserten.

Spelarstallen
Vi har små endringar i spelarstallen sidan i vår, men nokre er det.
Som de veit so har Stine Reite reist i militæret og blir lite disponibel i høst.
Dessverre er også Anna Fjørtoft ute i første delen av sesongen pga. sjukdom, noko som er
kjedeleg då Anna på mange måtar stod framfor eit gjennombrot i Fortunadrakta. Vi håpar
ho er tilbake ut i september ein gang.
Som de kan sjå i eiga sak, so har vi henta inn to unge og spennandes spelarar for å supplere troppen vår
den neste månaden i Nora M. Ferstad og Kristine Gulbrandsen.
Ellers jobbar vi kontinuerleg med spelarstallen vår for tida, og det kan skje endringar både inn og ut
fram mot overgangsvinduet stenger 11.september.
Uansett er dei viktigaste dei vi har, og det er dei som må gjere jobben.
Katarina Sunde er tilbake etter sin korsbåndskade og seriedebuterar i 2017 mot Volda i morgon.
Samstundes er også Camilla Smith-Nilsen tilbake for fullt etter sin ankelskade, som sat ho ut av spel
i siste delen av vårsesongen.
Camilla var kansje vår beste spelar i vår før skaden og saman med Katarina sin inntreden, so er vi klart styrka offensivt.

Mulighetar
Vi er 5 poeng bak Molde på tabellen, det betyr nok i klar tekst at vi mest truleg må gå gjennom høstsesongen
utan å tape, trur eg !
Uansett kan ikkje vi gjere noko anna enn å ha fokus på oss sjølve. Kvar spelar må ta nye steg, som igjen gjere at vi som
lag kan utvikle oss vidare. Eg er sikker på at vi er betre enn i vår, og endå betre skal vi bli, so får tida vise om vi alt i år
blir gode nok til å rykke opp igjen.
Vi møter Molde i nest siste serierunde på heimebane, tenk om den kunne blitt avgjerande ! ?

Vi er som sagt også med i J19 NM, der vi møter Kaupanger på bortebane i 8-delsfinalen onsdag 23.august.
Vinn vi denne får vi kvartfinalen på heime 2 veker seinare, det er ein dessert vi har veldig lyst å “smake” på ?

Uansett, no er det Volda som gjeld lørdag ! Det blir garantert tett, tøft og eit intensivt lokaloppgjer.
Skal vi ha med oss 3 poeng på ei strøken Akslamatte, so må vi levere varene !

Avspark er kl.14.00.

Vi har trua på ein særs spennande høst, måtte den bli Fortunablå ! ?

 

Magne

Kategorier: Nyheter