FK Fyllingsdalen – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp Fosshaugane campus 10.03.18

Eit nytt bekjentskap i Fyllingsdalen var motstandar i Sogndal lørdag.
Fyllingsdalen var nær ved å spele kvalikk i 2017 og er seriefavorittar i
2.div. avd. 4 før årets sesong.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Mette Muri(K), Ida Kroken
Ingrid Vatne, Vivian Saadi, Kari Skovly
Katarina Sunde

Innbytte :
– 46min. Ingrid, Vivian, Kari og Stine ut.
Nora Ferstad, Camilla Smith-Nilsen, Eva Hormazabal og Anna Fjørtoft inn.
– 62min. Oda Tennfjord inn og Cecilie ut.

Mål :
– 1-0 16min. Fyllinsdalen.

Kampen :

Det vart som forventa ein jamnspelt og tett fotballkamp under flotte speleforhold i Sogndal.
Laga har kvar sine spelemessige beste periodar i kampen, medan sjansestatistikken på
vår blokk endar heilt likt i 4-4 i store målsjansar.
Fyllingsdalen er utvilsomt eit bra lag, med ein del rutine, fysikk og gode ballspelarar.
For vår del er det positivt at vi for første gang i år kun slepp inn eit mål, og
slepp ikkje Fyllingsdalen til veldig mykje framfor eige mål.
Offensivt er det meir variabelt hos oss i denne kampen, der vi skapar totalt sett
for lite, men bør likevel setje ballen i mål på minst ein av våre sjansar.
Etter nok ein kamp mot god motstand og dessverre tap, så må vel konklusjonen
så langt i oppkøyringa vere at vi ikkje er heilt der vi ynskjer å vere.
Vi manglar ein del både defensivt og offensivt i forhold til å kunne seie oss nøgde.
Heldigvis er det tid fram til seriestarten for å få dette på plass, men konklusjonen
pr. i dag er at vi ikkje er i rute.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund