Ingrid Gjørvad Alnes(20) kom til FK Fortuna Ålesund i januar 2014, og har spelt 4 år i klubben.
Kun Mette Muri av dagens Fortunaspelarar har vore lengre i klubben enn Sykkylvsjenta.

I sommar starta Ingrid å studere i Trondheim, men har blitt henta heim til kampar i høstsesongen.
I løpet av desse 4 sesongane i klubben, så har Ingrid spelt totalt 82 offisielle kampar og skåra 3 mål.
Desse kampane er fordelt på 74 seriekampar og 8 kampar NM damer.
Ingrid har trent med Byåsen i heile høst, og mykje tydar på at ho spelar der i 2018 sesongen.
Ho har stort sett «eigd» venstrebacken gjennom alle desse fire åra, og har vore ein viktig bidragsytar både på og utanfor bana.

Ingrid seier dette om si Fortunatid :
Der er veldig vemodig å trist å vite at ej he spelt min siste kamp for Fortuna. Dessverre vart det ikkje den avslutninga på sesongen som vi hadde håpa på…
Ej vil også takke spesielt Magne som he lært mej so utrulig mykje, og måten han har komme inn igjen på som trener i Fortuna he vør fantastisk. Magne he søtte krav og he gitt klubben et stort løft dinna sesongen. Magne he gjort at samholdet i fortunagruppa aldri he vør bedre enn det he vør i år.
Ej føle mej uansett utrulig heldig som har fått både vør ein del av Fortuna og fått venna og minner for livet. Sjukt glad i dokke alle sammen, ønske klubben alt godt for framtida.
Ej kjem alltid til å føle mej som en Fortunaspeler !

Du vil alltid vere velkommen tilbake i Fortunadrakt, Ingrid !
Vi ynskjer deg lykke til vidare med livet i Trondheim og fotballen ?

Kategorier: Nyheter