Kapteinen stod frem!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

 

FK Fortuna Ålesund – Byåsen 2

5.serierunde på Aksla stadion.

Tribune : Ca. 60 tilskodarar.
Dommar : Dag Harald Moldskred, Hareid IL.
Gule kort : 1 til Byåsen 2.

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Stine Reite
Kari Skovly, Vivain Saadi, Ingrid Vatne
Malin Sunde
Innbytte :
-60min. Stine Reite ut og Ida Kroken inn.
-65min. Ingrid V ut og Birgitte Bjørlykhaug inn.
-65min. Stine M ut og Helena Vattøy inn.

Slik kom måla :
– 0-1 min. Marthe er uheldig og missar touchen på eit tilbakespel, og før ho får klarert ballen igjen,
so er den akkurat over streken og i mål.
– 1-1 26min. Strålande corner frå Vivian som Mette stig opp på 5 meter og heddar glimrande i mål i lengste hjørne.
– 2-1 31 min. Vi gjenvinne ball høgt, Ingrid X 2 kombinerar på venstresida, før Ingrid Vatne kjem seg til linja og slår eit strålande innlegg som Mette møter på 10-12 meter og heddar vakkert tilbake i lengste hjørne.
– 3-1 27min. Vivian slår eit godt frispark i boks, der Malin treff litt “skjeivt”, men avsluttninga blir ei strålande pasning til Mette som frå 7-8 meter set ballen kontrolert i mål. EKTE HATTRICK er eit faktum !
– 4-1 55min. Ingrid A kastar i beina på Ingrid V, som vender av ein forsvarsspelar i boksen og skyt i mål via ein Byåsen-spelar frå 12-13 meter.
– 5-1 68min. Vi spelar oss fint fri bakfrå på vår høgre side, der Helena trer gjennom Kari på kant. Ho slår eit godt innlegg som Malin berre kan “bukke” i mål frå 5 meter.

Kampen :

I fjerde kamp(av fem serierundar) so kjem vi igjen under 0-1 i dag. Mål pregar kampar og det gjere sjølvsagt at ting
fort blir litt stressa etter ein slik start. Uansett er det vel aldri noko fare i dag.
Det er stort sett spel mot eit mål i 90 samfulle minutt, med nokre får kontringsforsøk frå bortelaget si side.
Førsteomgangen i dag er periodevis god, sjølv om det er ein del å gå på i forhold til presisjon.
Det skulle gå 26 minutt før vi klarar å utlikne, etter å ha svidd 2-3 store målsjansar.
På vel 11 minutt, so er det kaptein Mette som skårar tre mål, eit ekte hattrick.
Det betyr at vi tek med oss ei 3-1 leiing inn i garderoba.

Fokuset i pausa er å halde oppe trykket, tempoet og intensiteten. Det klarar vi kun periodevis, for i enkelte
periodar fell vi litt ned på tempoet til motstandaren. Likevel skårar vi 2 mål, og har mange sjansar til å skåre
fleire mål i dag.
Vi kan alltid ynskje endå betre prestasjonar og endå fleire mål, men 5-1 er ein solid siger som vi
er stornøgde med !
Aksla er endå litt ujamn og med regnet som har kome, som var det tungt utpå der i dag, men jentene leverte
ein solid innsats.
Dette var ein viktig siger, før vi skal opp i lokalderby mot Herd neste laurdag.
Før det er det allereie onsdag ny kamp, då vi møter Molde på heimebane i 1.runde NM J19 kl.19.30.

Solid laginnsats i dag, der Mette stod fram som kampens viktigaste og beste spelar i dag 😊

*Ingrid Vatne skåra sitt første seriemål for klubben i dag.

Sportsleg helsing:

Magne Elde

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!