Vi trenarar har no bestemt oss for kapteinsduoen for FK Fortuna Ålesund i 2017. Mette Muri blir kaptein og får med seg Stine Reite som visekaptein. Desse jentene har no vore i klubben i nokre år, og begge står for dei verdiane og haldningane vi ynskjer skal prege oss både på og utanfor bana. Dette er jenter som har klubben i hjerte, ynskjer å utvikle seg, tek ansvar både på og utanfor bana og set krav til seg sjølv og andre. Samstundes tørr dei å sei meiningane sine og utfordre oss trenarar.

Vi har også fått på plass eit spelarutval, der kapteinane er med, saman med Mia Sæbø og Oda Tennfjord som spelargruppa har valgt inn. Dette utvalet skal fronte spelargruppa sine ynskjer og innspel opp mot trenarteam og styret. Utvalet skal også ha hovudansvar for å organisere dei små og store oppgåvene som spelargruppa skal gjennomføre i løpet av sesongen.

Kategorier: Nyheter