Blindheim – Fortuna Ålesund

Etter siger 2-1 mot Hødd i første kampen, så ville vi med siger i dag vere gruppevinnarar

og møte Herd til finale om billetten til 1.runde NM J19.

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Marthe Bjørhovde

Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Vilde Kroken.

Stine Reite(K), Anna Fjørtoft

Line Magerholm, Vivian Saadi, Kari Skovly

Birgitte Bjørlykhaug

 

Innbyttarar :

– 46 min. Marthe ut og Lisa Raknes inn.

– 75min. Stine R ut og Marthe inn igjen.

 

Mål :

0-1 5min. Birgitte Bjørlykhaug(Vivian).
0-2 13min. Helena Vattøy(Vivian).
1-2 25min. Kristine Ødegård.
1-3 44min. Birgitte Bjørlykhaug(Kari).

1-4 68min. Birgitte Bjørlykhaug.

1-5 86min. Anna Fjørtoft.

Kampen :

I førsteomgangen i dag spelar vi utan energi, med dårleg balltempo og alt for mange touch pr. spelar ved kvar involvering. Likevel har vi full kontroll på kampen, men vi er heldige som ikkje kjem under 1-0 etter berre 3-4 minuttar då Blindheim er åleine med keeper. To kjappe mål rette vegen, før vi gjev vekk ei gåvepakke som Blindheim utnyttar til å redusere til 2-1 etter vel halvspelt omgang. Like før pause kjem omgangens høgdepunkt, då Birgitte skårar 3-1 etter eit nydleg angrep raida opp av Vilde og Kari. I pausa er vi einige om at vi må opp fleire hakk.

Etter pause er eg svært godt nøgd med gjennomføringa og innstillinga vi viser på ein dag då ting ikkje går på skinner. Vi står høgt og samla og let knapt Blindheim slepp ut av eigen banehalvdel etter sidebytte. Framover skapar vi 10-11 store målsjansar, og bør jo då sjølvsagt skåre fleire enn 2 mål.

* Line Magerholm(02) er over på ein månads lån frå Spjelkavik og gjorde ein fin innsats i dag.

* Helena Vattøy skåra sitt første mål i Fortunadrakt då ho hedda inn 2-0 skåringa vår på corner.

* Birgitte Bjørlykhaug kom frå Herd i vinter og er langt unna frå der ho skal vere fysisk pga.

skadar. No har ho vore tilbake i trening i 2-3 veker og viste med sine 3 mål i dag at ho er Sunnmøres

mest spennade målskårar, og ei jente som garantert vil putte mange Fortunamål framover.

Torsdag 30.03. kl.18.15 er det klart for FINALE mot Herd på Amfi Moa Stadion.

Vinnaren av denne kampen går inn i 1. runde NM J19.

Vi håpar mange tek turen for å støtte Fortunajentene ! ?

Fra venstre: Anna Fjørtoft, Birgitte Bjørlykhaug og Helena Vattøy.

Line Magerholm

Kategorier: Nyheter