Klar for NM J19

Facebook
Facebook
INSTAGRAM

Herd – FK Fortuna Ålesund
Kvalifisering J19 NM 26.03. – Amfi Moa stadion.

Resultat : 1-4(0-2).
Gule kort : Victoria Røst, Herd.

Dommar : Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde(K)
Stine O. Muri, Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen, Ellijanne Andersson
Solveig Engås og Nora M. Ferstad
Daniela D. Gudnadottir, Martine A. Olsen, Sanna Aslaksen
Anna Brenne

Innbytte :
-63min. Jenny Fylling inn og Nora Ferstad ut.
-70min. Ellen Tafjord inn og Sanna Aslaksen ut.

Mål :
-0-1 13min. Sanna driblar litt før ho spelar ballen vidare til Martine på 18-20 meter.
Martine vendar og skyt i mål i lengste hjørnet via stolpen.
-0-2 43min. Martine bli spelt opp i mellomrommet, der ho spelar strålande igjennom Anna.
Anna kjem åleine med keeper og lobbar ballen perfekt over keeper og i mål.
-0-3 61min. Igjen får Sanna ballen og går litt inn i bane før ho spelar igjennom Anna via ein Herdspelar.
-1-3 62min. Vi «sovnar vekk» nokre sekundar, og då kjem Birgitte Bjørlykhaug seg fri i boksen og skårar.
-1-4 82min. Daniela blir spelt fri på kanten før ho svingar inn eit strålande innlegg, der Ellen har teken turen i boksen
og avsluttar nydeleg i mål på heil volley.

Kampen :
Etter å ha tapt mot Hødd, då vi berre kunne stille 10 spelarar pga skadar, så hadde vi «kniven på strupen» før denne
kampen. Utgangspunktet var enkelt, vi måtte vinne for å gå til første ordinære runde i J19 NM.
Dei første minuttane starta som alltid i lokaloppgjera mot Herd litt hektisk og med mykje kriging.
Likevel får vi den første store målsjansen med Daniela etter 8-9 minuttar, men frå god posisjon går avsluttninga rett på keeeper.
Heldigvis skulle det gå få minuttar før Fortunaleiing var eit faktum, etter at Martine viste fram skuddfoten.
Etter dette får vi bra kontroll på kampen, sjølv om vi ikkje skapar dei heilt store sjansane før duoen Olsen/Brenne viser fram strålande
samspel og sender oss i 2-0 leiing kun minuttar før sidebytte.
Herd skapar ingen sjansar på oss før pause, då vi framstår meget solide defensivt.
Vi går ut i 100 etter pause og før vi får 3-0 skåringa vår etter vel timen spelt, så har vi alt hatt eit par store sjansar.
Kun minuttet etter skåringa, så er Anna veldig nær å skåre hattrick, då ho bankar ballen i tverrleggaren.
Dessverre sovnar vi litt av like etter denne enorme sjansen, og Herd ved Birgitte utnyttar dette nådelaust til
å redusere til 1-3 på sin første målsjanse i kampen.

No får Herd ”blod på tann”, medan vi opptrer litt lite smart i nokre situasjonar. Dette gjere at Herd klarar å stresse
oss litt ein periode. Då dommaren i tillegg finne på å dele ut eit straffespark til heimelaget som ingen forstår noko av, så
byrjar vi å frykte at dette kan bli tøft. Heldigvis står Marthe då fram og reddar straffesparket frå Birgitte.
Etter dette normaliserar ting seg, og vi får til slutt putta på ei fortjent 4-1 skåring.
Alt i alt ein meget solid og godt gjennomført kamp av oss, der vi som lag står fram på ein god måte.

Å komme seg vidare i NM J19 er viktig, då det er viktig å få spele fleire fotballkampar som betyr noko.
Ein kan trene so mykje og så bra ein vil, men det er å spele tøffe og VIKTIGE fotballkampar som betyr noko som er den desidert beste læringa.
Eg veit at vi er knapt med folk som held J19 alder, men eg veit også at vi har eit meget bra lag, som med fortsatt utvikling og litt flyt kan gjere det meget godt i denne turneringa 😊

Første ordinære runde i NM J19 er satt til 30.mai.
Vi reknar med oppsettet ikkje kjem før i slutten av april, då alle kvalifiseringane er ferdige då.
Underteikna tippar vi møter Stryn borte i 1.runde 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund