Herd – FK Fortuna Ålesund
Kvalifisering J19 NM 28.02.18

Herd på motsatt banehalvdel, årets første offisielle kamp og halve laget «bytta» ut sidan
NM-triumfen var forutsetningane for dagens kamp på Amfi Moa stadion.

Tribune : Ca. 70 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei(K), Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen
Eva Hormazabal, Nora M. Ferstad
Line Magerholm, Martine A. Olsen, Kari Skovly
Vivian Saadi

Innbytte :
– Ingen ! Frida Hareide(skada) ubenytta.

Martine A. Olsen spelte sin første offisielle kamp i Fortunadrakt.
Både Vilde og Line spelte i kvalifiseringa i 2017.

Slik kom måla :
– 0-1 20min. Etter ein corner med mykje fram og tilbake i feltet, så er det til slutt Vivian som kan
setje ballen i mål frå kort hald.
– 0-2 32min. Kari vinne ballen høgt i bana, fossar forbi backen, skjer inn i feltet og frå spiss vinkel dunkar ballen i mål.
-0-3 41min. Eva spelar ballen opp i beina på Vivian på ca. 20 meter. Ho vendar av stopparen og dunkar ballen
I mål i vinkelen. Ei vanvittig skåring – Snakkar vi alt årets mål !?
-0-4 89min. Nora spelar opp Martine i mellomrommet, ho dunkar til frå ca. 20 meter og ballen går over keeper og i mål.
-1-4 90(+2)min. Vi klarerar eit innlegg rett i beina på ein Herdspelar som set ballen i mål åleine med Marthe.

Kampen :
Herd starta aggressivt dei før 10 minuttane av kampen og stressa oss.
Etter kvart får vi meir ro og kontroll over spelet vårt og då styrar vi resten av førsteomgangen med god kontroll.
Ein del fine kombinasjonar, ein del nesten situasjonar og ikkje minst 3 gode skåringar gjere at vi leiar
solid og fult fortjent 3-0 til pause.
Andreomgangen startar med store sjansar til begge laga dei første minutta. Herd har to store sjansar
som Marthe reddar strålande. For vår del får Kari to gode mulighetar, der ho først skyt i tverrleggaren på
den første og på den andre blir ho spelt åleine med keeper men blir for unøyaktig i avvsluttninga.
Resten av omgangen er rotete – der begge laga er veldig upresise til tider.
Like før slutt skårar først vi, før Herd reduserar på overtid.

Totalt sett var dette veldig positivt !

Vi viser igjen at vi er best i byn og eg hadde faktisk trudd vi skulle få større problemar i dag,
sett i betraktning av at vi startar med eit lag som aldri har spelt saman før og med heile tre 02-jenter frå start.

Kjekt ! ?

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund