FK Fortuna Ålesund – Lyn

Semifinale J19 NM

 

Med tidleg avspark og eit fantastisk høstvær, så vart det ein fantastisk ramme rundt dagens

semifinale mot Lyn. Eit grasmatte i verdsklasse, imponerande 150 tilskodarar og ein fotballkamp

med godt spel, høg intensitet og stor spenning.

Tribune : Ca. 150 tilskodarar.
Dommar:  Tove Marie Tandstad(Velledalen og Ringen IL).
Gule kort : Eit til Lyn.


Slik starta vi :
 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Cecilie Otterlei (K), Helena Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Malin Sunde, Ida Kroken
Kari Skovly, Nora Ferstad, Ingrid Vatne
Vivian Saadi


Innbytte :

– 65min. Nora M. Ferstad ut og Anna Fjørtoft inn.

– 70min. Ingrid Vatne ut og Eva Hormazabal inn.


Slik kom måla :
– 1-0 8min. Ingrid Vatne kjem seg fri nede på kanten. Ho skjer inn i bana, fyrer av eit skot som stoppar litt opp
i ein Lyn-spelar men går vidare til Vivian, som åleine med keeper dreg seg rundt keeper og set ballen i mål.
– 2-0 34min. Kari kjem seg strålande fri på høgrekanten og slår eit perfekt innlegg,
der Vivian kjem seg fri på første stolpe og set ballen kontant i mål frå 5-6 meter.
– 2-1 42min. Lyn slår eit frispark inn i feltet, der vi ikkje er gode nok i eigen boks og ein Lynspelar får tilslutt satt ballen i mål.

Kampen :

Vi tek tak i kampen direkte frå avspark, og “bles” nesten bortelaget av bana dei første 35 minuttane i dag.
Vi er direkte, vi spring og krigar på alt og ingenting, vi pressar dei ekstremt høgt og vi får løn for strevet med to flotte
skåringar. Vi burde ha avgjort kampen i denne perioden, for i tillegg til dei to måla, så skapar vi 3 andre gigantiske mulighetar
ved Ingrid, Malin og Kari + ein del nesten sjansar.
Dei siste minuttane inn mot pause kjem bortelaget litt meir med, og skapar først ein stor sjanse i tverrleggaren, før dei 3 minutt
før pause reduserar på ein dødball.
Dei første 35 minutta i dag er noka av det beste vi har levert på ein del fasar i spelet.
I pausa er vi både særs fornøgde, men sjølvsagt også litt forb…. på målet vi slepp inn like før pause.
Der vi var klart beste før pause, så skiftar kampen karakter i andreomgangen.
Etter sidebytte blir det ein forsvarskamp, der vi tidvis “heng i tøylane”.
Kun ved nokre få høver klarar vi å etablere oss oppe på Lyn sin banehalvdel.
Vi har brukt ekstremt mykje krefter før pause, noko som sjølvsagt gjere at vi no er meir sletne og vi blir for ofte for
upresise med ballen.
Vi forsvarar oss godt og har i periodar god kontroll sjølv om vi blir pressa, men spesielt ei strålande Camilla Linberg skapar store
utfordringar for oss frå sin venstre kantposisjon.
Lyn skapar 2-3 gigantiske sjansar i denne omgangen, men ei meget solid og god Lisa i mål ryddar opp meisterleg.
Det blir ein “lang” andreomgang, der jentene kjempar heltemodig.
Etter ekstremt nervepirrande sluttminutt, så kjem det deilig sluttsignalet for dommarfløyta og vi kan
sleppe laus ein uverkeleg cupfinalejubel !
Magne sin kommentar :
Kva er denne gjengen laga av ?
Akkurat no har eg knapt fleire superlativ å bruke. Vi tek i dag vår 10. strake siger( 7 i serien og 3 i NM),
det er ein stor prestasjon. Den prestasjonen blir endå større om ein tenker på at alle desse 10 kampane har vore
kampar med konsekvensen, vinn eller forsvinn, fiasko eller suksess !
I dag lykkast vi ekstremt godt med kampplanen, og dei første 35 minuttane er heilt vanvittig bra i forhold
til løpskraft, duellkraft, aggressivitet og klokskap.
Dessverre øydelegge Lynreduseringa like før pause litt, og påverkar oss nok ein del etter pause.
Likevel legg jentene ned ein enorm laginnsats og vi har matchvinnarar i begge endar av bana.
I kveld er eg igjen ekstremt stolt over det vi har levert i år, og ikkje minst den utviklinga vi har hatt som lag
både i forhold til det fotballmessige, men ikkje minst i forhold til mentalitet !
Vi skapar igjen historiske prestasjonar for klubben og skapar stadig nye magiske opplevelsar.
Folkens, vi skal spele CUPFINALE !?
  • NM-finalane for alle dei aldersbestemte klassane + damefinalen skal spelast i Telenor Arena
    helga 18.-19.november.
 Magne