Denne veka har Fortunagjengen vore i full aksjon igjen etter 3 veke ferie frå fellestreningar.
Treningsveka har vore fantastisk bra, kansje årets beste ,og testresultata på Nordlitesten(7minuttstest)
var også meget bra. Det betyr at jentene har levert varene og gjort jobben sin i ferien.

I helga set gjengen seg i bilar med kursen for Danmark og Dana Cup.
Vi skal bu i leiligheter ca. 20 minuttar i frå Hjørring der kampane blir spelte.
I løpet av søndagen er alle på plass.
Mandag skal vi ha ei lett trening og delta på opningssermonien, før kampane brakar laust tirsdagen.

Slik spelar vi vore kampar :
– Tirsdag 25.07 kl. 13.30. FK Fortuna Ålesund – Skibsby-Højene IF (Danmark).
– Tirsdag 25.07 kl. 19.30. Faaberg FB(Norge) – FK Fortuna Ålesund.
– Onsdag 26.07 kl. 07.30. Vrå-Børglum(Danmark) – FK Fortuna Ålesund.
– Onsdag 26.07 kl. 18.30. FK Fortuna Ålesund – Molndal IF(Sverige).

Event. kvartfinale går torsdag 27.07 kl.20.30.
Event. semifinale går fredag 28.07 kl.11.15.
Event. finale går fredag 28.07 kl.20.30.

Vi spelar i J 19 klassa og har ein tropp på 17 spelarar med oss til Danmark.

Vi stiller denne troppen :

Nr. 1. Marthe Bjørhovde(keeper).
Nr. 2. Cecilie Otterlei.
Nr. 3. Mette Muri(kaptein).
Nr. 5. Ida Kroken.
Nr. 6. Oda Sperre Tennfjord.
Nr. 7. Katarina Dybvik Sunde.
Nr. 8. Stine Reite.
Nr. 10. Malin Sunde.
Nr. 11. Kari Skovly.
Nr. 13. Vivain Saadi.
Nr. 14. Birgitte Bjørlykhaug.
Nr. 15. Anna Fjørtoft.
Nr. 16. Kristine Guldbrandsen(hospitant).
Nr. 17. Ingrid Vatne.
Nr. 19. Helena Vattøy.
Nr. 23. Stine Muri.
Nr. 24. Lisa Raknes(keeper).

– Ingrid Alnes og Camilla Smith-Nilsen er dei einaste spelarane frå Fortunatroppen som ikkje er med til Danmark.
– Katarina D. Sunde er klar igjen og spelar sine første kampar sidan korsbåndskaden i fjor høst.

Mange gode lag deltek i turneringa, både frå Norge, Danmark, Sverige, Tyskland m.fl.
I ein tett og tøff turnering med mange kampar på kort tid, so må ein alltid ha litt marginar og flyt for å kunne
gå heile vegen. Det har vi ambisjonar om å gjere alt vi kan for å klare ?

Les alt om turneringa på http://www.danacup.com

Vi kjem til å oppdatere alle kampane på vår facebookside fortløpande, og referat og bilder vil komme her på sida.
Du finn oss her på facebook : https://www.facebook.com/fortunaalesund – Husk å like oss!

Vi gledar oss til å utvikle oss både sportsleg og sosialt i Danmark !