Kaupanger – FK Fortuna Ålesund
8-delsfinale J19 NM.

Etter eit blytungt poengtap på Sunndalsøra lørdag, var det store spørsmålet om vi skulle reise
oss i ein tøff NM-kamp i Sogn.

Tribune : Ca. 50 tilskodarar.
Dommar: Marianne Laugerud(Førde IL).
Gule kort : Eit til Kaupanger.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Cecilie Otterlei(K), Helena Vattøy, Nora Ferstad
Malin Sunde, Ida Kroken
Kari Skovly, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Birgitte Bjørlykhaug
Innbytte :
– 60min. Malin ut og Kristine Gulbrandsen inn.
– 75min. Vivian ut og Eva Hormazabal inn.

Slik kom måla :
– 0-1 25min. Vi får eit kast høgt oppe i bana. Stine kastar i beina til ei lagvennine, får den igjen, dreg seg strålande forbi presset og slår eit godt innlegg.
I boks landar ballen i beina til Ingrid som tilslutt får sendt avgårde ei avslutning frå 7-8 meter og ballen går i mål via keeper.
– 0-2 48min. Eit strålande angrep der Malin blir spelt igjennom på hjørnet av 16 meteren. Ho slår ballen på tvers til Birgitte, som kjem seg framfor forsvararen
og avsluttar i mål frå 12-13 meter.
-0-3 70 min. Kaupanger spelar tilbake til keeper, ho spelar ballen rett i beina på Nora på 20 meter.
Nora er iskald og set ballen kontrolert i mål heilt nede i hjørnet.

Foto : Stig Høynes, haugenfotball.no.

 

Foto : Stig Høynes, haugenfotball.no.

Kampen :
Etter ein lang biltur, so var det som å få start på ein «gamal motor» i går kveld på Kaupangerskogen.
Førsteomgangen er vi tunge, blytunge, men vi får den viktige 1-0 skåringa.
Før pause er det omtrent kun kjemping og kriging og lite finspel.
Vi er alt for ofte upresise i ballbehandlinga vår, og klarar skjeldan å etablere eit godt angrepsspel.
Samstundes står vi godt i mot defensivt, er kyniske, har bra balanse i laget og viser defensiv råskap.
Heimelaget har sikkert ballen meir enn oss før pause, men utanom ein nestensjanse etter kun eit par spelte minutt,
so skapar dei ingen klare sjansar. Vi er effektive og set vår einaste klare sjanse i kampen.

I pausa er vi einige om at vi må vise mentalitet og råskap. Ja, vi har ingen topp dag, men vi må opp «på
tå», tørre å presse høgare i bana og ha ein meir offensiv tankegang.

Vi får ei draumeopning på andreomgangen etter ei flott skåring etter kun 3 minutt.
Vi verkar å vere eit heilt anna lag etter pause. Der vi er blytunge før pause, så er det no
plutseleg sprut og energi i oss.
Vi har rett og slett 100 % kontroll defensivt, medan vi får overgang, på overgang offensivt.
Vi er vel nærmare å vinne 4-0 enn Kaupanger er ei redusering etter pause.

Det vi leverar i denne kampen er RÅSKAP og MENTALITET i praksis !

Vi fekk oss eit tøft «slag» i helga, og etter ei lang reise i beina so var det tydeleg
at mange ikkje har ein dag der energien er på topp. Men det er akkurat på slike dagar ein må
må stå opp, krige, vise råskap og vinnarmentalitet. Ein må gå i kjellaren og hente ut dei kreftene
som ein kansje ikkje trur er der, for vil ein nok, ja, så er der alltid noko ekstra krefter å hente ut !

Dette var ein ekstremt deilig og ikkje minst viktig siger ! Det som gjer meg ekstra glad er når spelarar
som ikkje har spelt mest i år, grip sjansen og står fram i ein slik kamp.
Lisa står meget godt i mål, Helena storspelar på stopparplass, Birgitte leverar eit viktig mål og sist men ikkje minst
Nora, som på lån frå Blindheim og vår yngste på bana frå start, viser ein ro som om ho ikkje skulle gjort anna enn å spele viktige fotballkampar.

Dette var ein LAG-siger !

Desse laga er klare for kvartfinalane :
* Fløya – Arna Bjørnar – Fortuna – Klepp.
*  Hønefoss – Kongsvinger – Vinnarene av Trondheims Ørn og Tiller(spelast lørdag).

Vi er 99% sikre på heimekamp, og gledar oss til å få møte kven vi skal møte !

  • Kjekt at Eva Hormazabal er tilbake i trening og fekk 15 minutt på bana, etter å ha vore ute av spel i lange tider.
    Vi ser fram til fortsettelsen !

Magne