FK Fortuna Ålesund – Trondheims Ørn 2
17. serierunde Aksla stadion 29.09.18.

Det var ein liten matchball for oss i denne kampen, den klarte vi dessverre ikkje
å «serve» inn til siger.

Resultat : 1-1(0-1).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Kristoffer Nevstad, Aksla IL.
Tribune : Ca. 60 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Josefine Ervik
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora Ferstad
Mette O. Muri(K) og Ida Kroken
Kari Skovly, Solveig Engås, Ingrid Vatne
Vivian Saadi

Innbytte :
-70 min. Ingrid ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
-85min. Ida ut og Stine Reite inn.

Mål :
– 0-1 16min. TØ har dødball rundt midtstreken, dei set i gang kort
før dei slår ballen inn i boks, der vi blir ballwatching og ikkje føl spelarane våre.
Då skårar til slutt bortelaget.
-1-1 48min. Etter nokre fine kombinasjonar sentralt i bana, så spelar vi ballen i beina
på ein TØ-spelar, som sender ballen tilbake i beina på Solveig.
Ho prøvar å spele igjennom Kari, men ballen endrar retning og går til Vivian som kjem seg fri
og frå 16 meter avsluttar strålande i lengste hjørne.

Kampen :
Etter ei jamn opning på kampen dei første 15 minuttane, utan målsjansar til noko lag, så
er det TØ som utnyttar svakt forsvarsspel frå heimelaget etter ein dødball etter vel 16 minutt.
Resten av omgangen førar vi kampen, men er alt for upresise med ball til å klare å
skape målsjansar. Vi får utrulege 10(!) cornerar i førsteomgangen, men manglar råskapen
i boks til å utnytte desse.
Det er TØ som får to enorme mulighetar til å auke si leiing etter etter knappe halve timen
spelt, men ei for svak avsluttning og stolpetreff er fasiten.
Ein omgang der vi har eit lite overtak i medvinden og haugevis med dødballar,
men det er bortelaget som leiar og har hatt sjansane.

I andreomgangen går vi ut i 100 og får betalt direkte !
Etter kun 3 spelte minutt er utlikninga eit faktum med Vivian sitt 11.mål for sesongen.
Vi er rett og slett gode etter pause i dag, vår beste omgang i høst.
No vinne vi duellar, lykkast i presset og ikkje minst er vi mykje betre med ball.
Dette fører til at bortelaget knapt har noko etablert spel mot oss.
Vi skapar fleire gode sjansar til å skåre, kjem til mange nestensjansar, fortsette
trenden frå før pause med å ha mange dødballar og vi burde i alle fall hatt minst eit straffespark…..
Dessverre får vi aldri 2-1 skåringa, og då endar kampen med poengdeling til slutt.

Kaptein Mette om kampen :
Vi klarer aldri å ta tak i første omgangen slik vi ønsker og blir for upresise på siste tredjedel.
I andre omgang jobber vi oss godt inn i kampen og styrer alt fra start til slutt. Vi har noen store sjanser til å ta alle poengene, men klarer ikke å omsette de til mål.
Det føles derfor bittert å ikke kunne sitte igjen med 3 poeng etter den andre omgangen vi presterer i dag!
Vi kan ikke gjør noe annet enn å rette blikket mot ei viktig treningsuke og ei utrolig spennende sesongavslutning til helga!

Trenarkommentar :
Vi er skuffa i kveld, frykteleg skuffa !
Matchballen vi hadde klarte vi ikkje å utnytte, no er alt snudd på hovudet.
No er det KIL/Hemne som er i førarsetet før den siste serierunda og kan avgjera alt sjølve.
Sjølvsagt kan mykje skje og der er framleis mulighetar, men vi kan ikkje gjere noko anna
enn å fokusere på å vinne vår kamp neste lørdag.
Eg er strålande fornøgd med innsatsen jentene legg ned i dag, på ei blytung Akslamatte
under utfordrande forhold.
Vi spring mykje og krigar med stor vilje. Det er ingen enkel kamp i dag mot eit
Ørn-lag med mange gode ballspelarar. Det vi leverar etter pause er ein av årets beste
omgangar, dessverre får vi ikkje godt nok betalt.

Etter den fryktelege bortekampen mot KIL/Hemne, så har vi teke tak både på og utanfor bana
og dei siste 3 kampane har vist at vi er i god utvikling.
Defensivt er vi mykje sterkare i år enn i fjor( kun 12 baklengs mot 20 i fjor), samstundes
har vi våre utfordringar offensivt. Ein må ikkje gløyme at vi har mista 3 spelarar(Malin, Katarina, Camilla)
som har stått for over 50 målpoeng dei siste to sesongane. Det er ikkje lett å erstatte «over natta» !
No skal vi setje saman ei ny god treningsveke, jobbe hardt og so får vi telje opp og summere
status neste lørdag kl.16.00.

Andre resultat i denne runda :
Nardo – Herd, 3-2.
Sunndal – Orkanger, 2-1.
Byåsen 2 – KIL/Hemne, 0-2.
Molde – Surnadal, 8-0.

Slik ser tabellen ut 2 serierundar før slutt :
1.KIL/Hemne, 42 pluss mål, 39 poeng.
2.Fortuna Ålesund, 37 plussmål, 39 poeng.
3.Molde, 39 plussmål, 38 poeng.
4.Trondheims Ørn 2, 23 plussmål, 34 poeng.
5.Herd, 26 plussmål, 28 poeng.
6.Orkanger, 24 minusmål, 15 poeng.
7.Sunndal, 22 minusmål, 13 poeng.
8.Surnadal, 29 minusmål, 13 poeng.
——————————————————–
9.Nardo, 35 minusmål, 12 poeng.
10.Byåsen 2, 57 minusmål, 9 poeng.

Fakta før siste runde :

-Byåsen 2 har alt rykka ned til 3.divisjon.
-Sunndal, Surnadal og Nardo kjempar om å unngå den siste nedrykksplassen.
-KIL/Hemne, Fortuna og Molde kan alle vinne serien.
-Molde er avhengig av å slå K/H i deira interne kamp, samstundes som Fortuna ikkje vinne.
-K/H vinne serien om dei slår Molde, samstundes som Fortuna ikkje vinne sin kamp
med 6 fleire mål enn K/H.
-Fortuna vinne serien om K/H tapar eller spelar uavgjort og Fortuna vinne sin kamp.
Samstundes kan Fortuna vinne serien om begge laga vinne sin kamp, men då må Fortuna vinne
med 6 fleire mål enn K/H.

Fortuna spelar årets siste seriekamp på Aksla lørdag 6.oktober kl.14.00.

Magne