Orkanger – FK Fortuna Ålesund
6.serierunde Orkla Maskin Arena 02.06.18.

Vi gjorde 5 endringar på laget frå cupkampen mot Byåsen onsdag, og håpte å få
betalt igjen med eit lag med mykje energi – det fekk vi !

Resultat : 0-3(0-1).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Helle Reiten, Skjetne Fotball.

Tribune : Ca. 40 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei(K), Helena L. Vattøy, Vilde Kroken
Anna Fjørtoft, Oda S. Tennfjord
Kari Skovly, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
-65min. Vivian ut og Nora M. Ferstad inn.
-65min. Kari ut og Camilla Smith-Nilsen inn.
-82min. Vilde ut og Kristine Gulbrandsen inn.

Mål :
-0-1 2min. Vi kjem fram på høgresida. Stine kjem til innlegg som Orkanger halvklarerar
ut på ca. 12-13 meter, der står Katarina klar og sender avgårde eit
skudd som går via ein Orkangerspelar og i mål i hjørnet.

-0-2 79min. Vi kombinerar flott på midtbana, Oda splar fri Camilla på kanten
som svingar inn eit strålande innlegg der Katarina leverar ei klassehedding i mål frå 11-12 meter.

-0-3 90(+1)min. Nora er servitør frå cornerflagget og den perfekt innoversvinga
corneren stige Katarina til værs på og heddar i mål frå 5-6 meter.
Katarina leverte hattrick i dag og har no vanvittige 14 seriemål
på dei 6 første serierundane !

Kampen :

Etter ei god oppvarming tek vi tak i kampen direkte på Orkanger i dag.
Det skal berre gå knappe 3 minuttar før Katarina set inn sesongens 12 seriemål,
og vi har fått ei draumeopning på kampen.
Vi fortsette å vere bra, men etter ein ballmiss på midtbana, så kontrar Orkanger
og kun ein strålande beinparade av Marthe held oss i leiing.
Etter 15 spelte minuttar er det Ingrid som raidar opp og kjem seg fri, men keeper reddar strålande.
Ei god opning av oss, før kampen jamnar seg litt ut utover i omgangen.
Vår neste store sjanse kjem etter ca. 30 spelte minuttar, då både Vivian og Katarina kan
setje ballen i mål, men begge blir litt upresise.
Då klokka viser 35 spelte minutt, så smell ein Orkanger avgåde eit skudd frå langt hald,
som susar i tverrleggaren.
Rett før pause får vi ein ny god mulighet ved Ingrid, men ho avsluttar like utanfor.
Vi tek med oss ei 1-0 leiing til pause etter ein ok gjennomført omgang.
Pausa handlar om detaljar i spelet vår, og justeringar i den offensive samhandlinga.
Etter nokre jamne opningsminuttar tek vi berre meir og meir over styringa i kampen.
Vi får meir rom og samhandlinga offensivt set betre og betre.
Sjansane kjem då også på rekke og rad den siste halvtimen.
Vivian, Katarina og Ingrid x 3 har stor mulighetar til å auke leiinga vår.
Dessverre redda keeper eller vi vart litt for upresise i avslutninga.
Skulle dette bli dagen der vi brenn sjansane og Orkanger kunne kontre
inn ei utlikning var nok tankar som fort kunne byrja å breie seg etter kvart
som 0-2 skåringa lot vente på seg.
Heldigvis beholdt vi roa og skulle få fortjent belønning til slutt, med
to nye flotte skåringar.

Trenarkommentar :

I dag avslutta vi ei knalltøff kampveke både fysisk og mentalt på ein fantastisk måte !
Eg frykta litt kampen i dag på førehand, etter dei fysiske og ikkje minst mentale
påkjenningane vi har hatt den siste veka.
«Tapet» av sigeren langt på overtid i toppkampen forrige lørdag og påfølgande
«dommarstyr», og ikkje minst 120 knalltøffe minuttar mot Byåsen onsdag
der vi også neste mista avansementet på overtid.
Legg ein til at vi ikkje hadde vår normalt faste midtbaneduo tilgjengelege i dag,
så er eg berre vanvittig fornøgd med gjennomføringa til jentene.
Vi gjorde 5 endringar på laget frå onsdag og lykkast med det i dag.
Eg er ein trenar som er særs oppteken av å bruke den spelargruppa eg har,
at alle er like viktige og at alle skal få muligheten til å skinne. Skal ein få til det,
så må også spelarar få muligheten til å spele !
Alle kan ikkje spele heile tida, men alle må få muligheten til å gje sine viktige
bidra med ulike mellomrom. Klarar ein å få heile gruppa involvert, ja, då får ein
eit endå sterkare lag !
At vi har teke nye steg som fotball-lag er eg ikkje i tvil om, det har sesongstarten
og ikkje minst den siste veka vist.
Vi framstår sterkare defensivt enn nokon gang. Vi har kun 3 baklengs på 6 serierundar,
vi har fleire strengar å spele på offensivt og vi har spelarar som framstår som matchvinnarar.
Vi kvilar ikkje på tabelltopp, vi skal jobbe knallhardt framover for å styrke oss
endå meir og den jobben startar mandag.

Neste kamp er lokalderbyet mot Herd på heimebane kommande torsdag, 7.juni kl.19.00.

Magne