FK Fortuna Ålesund – SK Herd
9.serierunde 10.08. Aksla stadion.

Etter festen mot Vålerenga onsdag, så var det tilbake i «kvardagen» i dag då det var klart for høstens første seriekamp. Byderby stod på menyen.

Resultat : 7-0(1-0).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Kristoffer Nevstad, Aksla IL.
Tribune : 180 tilskodarar.

Mål :
-1-0 41min. Eit strålande angrep som Marte startar bakfrå, vi frispelar før Mette trer Kari inn i bakrom. Ho fossar til dørlinja og finne Anna på første stolpe som kan berre breiside ballen i mål. Vakkert !
-2-0 46min. Kari blir lagt i bakken utanfor 16 meteren. Frå skrått hald og 18 meter, så legg Agata ballen inn i feltet der Stine Reite stupar inn og heddar ballen i mål frå 2-3 meter.
-3-0 57min. Mette snappar ei på tverspasning inne på Herd sin halvdel, og spelar direkte Kari
åleine med keeper der ho skårar sikkert.
-4-0 65min. Agata slår ein perfekt corner mot bakre stolpe. Der får Cecilie stå heilt fri
og hedde i mål frå 2-3 meter.
-5-0 68min. Vi kontrar ved at Anna får ballen og spelar gjennom Kari åleine med keeper.
Kari rundar ein utrustande keeper og set ballen til slutt i det opne målet.
-6-0 74min. Nora blir lagt i bakken på 18,5 meter. Ho tek sjølv frisparket og skrur ballen strålande
over muren og i mål heilt ute i hjørnet. Vakkert !
-7-0 80min. Først slår Stine M eit innleg i boks som Herd klarera ut til vår andre back, Nora.
Ho svingar ballen perfekt inn bak Herdforsvaret der Anna kjem på ball på bakre stolpe og skårar
sikkert sitt 9. seriemål frå 6-7 meter. Klasse !

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Stine M. Reite, Ellijanne Anderson
Mette O. Muri(K), Oda S. Tennfjord, Agata Droździk
Kari Skovly, Anna Brenne, Solveig Engås

Innbytte :
-60min. Oda ut og Amalie E. Sandvik inn.
-60min. Solveig ut og Daniela Dögg Gudnadottir inn.
-60min. Kristine ut og Stine O. Muri inn.
-70min. Cecilie ut og Nora M. Ferstad inn.
-70min. Ellijanne ut og Vilde Kroken inn.
-70min. Agata ut og Martine A. Olsen inn.
-70min. Kari ut og Ingrid Vatne inn.

Kampen :
Sjølv om Fortuna tek tak i kampen direkte og styrar det meste, så må vi ha litt tid i dag før
vi kjem heilt i gang. Dei første 20-25 minuttane er det tydeleg at kampen onsdag mot Vålerenga
framleis sete litt både i bein og hovud.
Uansett får vi «maskineriet» meir og meir i gang, og etter kvart kjem også dei store målsjansane.
Før pause har vi 4 store sjansar ved Kari, Agata, Mette og Anna før det i omgangens 41. minutt
endeleg skal lykkast, og 1-0 er eit faktum med toppskårar Anna.

Å kunne ta med seg leiing inn i garderoba til pause gjorde veldig godt.
Større kvalitet med ball skulle vere nøkkelen for å dra denne sigeren i land er konklusjonen i garderoba.
Det er knapt spelt 1 minutt av omgangen då Stine R heddar oss i 2-0 leiing.
Etter dette ser vi oss aldri tilbake og rett og slett køyrer over Herd.
Strålande angrepsfotball gjev oss skåringa og målsjansar med jamne mellomrom resten av omgangen.
Herd skapte ikkje ein einaste målsjanse på oss i dag, så i tillegg til god offensiv fotball, så spelte vi med god balanse og konsentrasjon bakover på bana.

Til slutt stoppa det på 7-0, sjølv om vi hadde 5-6 enorme sjansar i tillegg til skåringane i andreomgangen.

Kaptein Mette om kampen :
Som alle kamper mot Herd, så var det i starten litt høye skuldre og mye kriging og duellering.
Vi har god kontroll hele første omgang og skaper mer og mer utover i omgangen.
I ande omgang er det stor forskjell på lagene og vi spiller tidvis veldig god fotball.
Vi får til det vi har trent på og fortsetter med den gode energien som vi hadde mot Vålerenga.
Vi scorer også 7 veldig fine mål og det viser at vi er i form for tiden.
Tar vi med oss det vi har prestert denne ukene videre i sesongen, skal vi bli vanskelig å slå !

Trenarkommentar :
La det vere sagt med ein gang, denne fantastiske fotballveka har ikkje kome av seg sjølv.
Prestasjonane og resultata denne veka har kome etter hardt arbeid, både på og utanfor bana av heile spelargruppa og støtteapparatet.
Vi har hatt ein meget god treningssommar, der spelarane har gjort ein god jobb på eigahand
samstundes som vi har trent godt saman med høg kvalitet. Vi har ein spelartropp med mange
gode spelarar som pushar kvarandre til utvikling på kvar einaste treningsøkt, då blir resultatet bra.
Det er for ein fotballtrenar utruleg kjekt når ein kan få brukt heile troppen slik som i dag,
då alle 18 kan vere ute på bana å bidra. Det er nettopp bredda og kvaliteten i spelartroppen
vår som er viktig for gode treningsveker og for å kunne skape gode resultat.

Lokalderbya mot Herd er alltid spesielle med mykje innsats og følelsar involvert.
I dag klarar vi etter kvart å spele fotball slik vi ynskjer og slik vi jobbar med veke ut og veke inn,
når det set så viser vi at vi er eit meget godt fotball-lag.
7-0 i mål og 16-0 i store målsjansar seier det meste om prestasjonen vår i dag !
Vi skal vere stolte over denne fotballveka, ta med oss den gode sjølvkjensla og fortsette å
jobbe hardt framover for å nå våre mål – SAMAN !

Neste kamp er borte mot Sunndal lørdag 17.08.

Lørdag 28.08.kl.14.00 møter vi Hødd på heimebane.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund

Kategorier: Nyheter