FK Fortuna Ålesund – Molde

1.runde NM J19 på Aksla stadion.

Det var i kveld klart for “slaget” om Møre og Romsdal i ein prestisjekamp i J19 NM.

Tribune : Ca. 70 tilskodarar.
Dommar : Rohollah Ahmadzai, Langevåg IL.
Gule kort : Helena Vattøy + 1 til Molde.

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei(K), Helena Vattøy, Ida Kroken
Malin Sunde, Anna Fjørtoft
Kari Skovly, Vivain Saadi, Ingrid Vatne
Birgitte Bjørlykhaug

Innbytte :
– Ingen ! Stine Reite ubenytta på benk(sjuk).

Slik kom måla :
– 1-0 15min. Corneren er perfekt slått frå Vivian, den landar til slutt i beina på Ingrid V, som
skyt og i boksen er Birgitte på plass og styrar ballen i mål frå kort hald.
– 2-0 44min. Malin dreg seg inn i boksen og blir holdt igjen nede ved dørlinja. Straffa
set ho sikkert i mål i hjørnet.
– 3-0 75min. Ingrid V spelar til Vivian nesten ved midtstreken litt ut mot venstre. Vivian set fart skjer litt
inn i bana og dunkar ballen i mål i lengste hjørne frå ca. 25 meter.
– 3-1 89min. Molde får sitt trøstemål, då vi sove litt på eit utspark, og Julie Rasmussen skårar åleine mot Marthe.

 

 

Kampen :
I dag kjende eg tidleg på “stemninga” at vi skulle levere ein god prestasjon. Jentene var tydeleg tende og
fokuserte, dei ville vise at FK Fortuna Ålesund har vore og ikkje minst framleis ER flaggskipet i fylket.
Vi tek tak i kampen frå start og køyrer til dels over Molde dei første 25 minutta i dag.
Vi spelar god fotball, skapar dødballar, skapar sjansar, men må nøye oss med kun ei skåring i denne perioden.
Midtvegs i omgangen slepp vi foten litt av pedalen, men utan at det blir veldig farleg. Eller jo, det blir særdeles
farleg på eit langt utspark etter ca. 30 spelte minutt, men då står Marthe fram med ei dobbelredning frå øvste hylle.
Inn mot pausa tek vi over kampen igjen, og det er særs fortjent at vi kan ta med oss 2-0 leiing i garderoba
etter straffeskåringa like før pause.

Pausa handlar om fokus på justeringar og at vi ikkje må sleppe oss nedpå.

I andreomgangen dominerar vi like mykje som før pause, skilnaden er at vi ikkje skapar like mykje og blir vel kansje litt
komfortable. Likevel har vi hatt fleire store sjansar til 3-0, før Vivian tek fram skuddfoten etter 75 min. og punkterar kampen.
Molde får eit litt unødvendig trøstemål like før slutt, på sin einaste farleghet etter pause.

Eg trudde vi skulle vere betre enn Molde og slå dei i dag, men eg trudde ikkje at vi med 11 disponible spelarar
skulle vere so mykje betre. KLASSESKILNAD vil eg karakterisere dette som !

Samtlege jenter leverar godt i dag, og alle skal ha skryt ?

*1/8 delsfinalen skal spelast i slutten av august.

Etter ein velfortjent fridag i morgon, så skal vi flytte fokuset inn på neste kamp.
Alt lørdag møter vi Herd til eit nytt lokaloppgjer på Moa kl.14.00.
Jentene treng di støtte ! ?

Sportsleg helsing:

Magne Elde