Snøgg – FK Fortuna Ålesund
Kvalifisering 1.divisjon, Notodden kunstgras 28.10.18.

I flott høstsol var det klart for kamp 2 i kvalifiseringa for opprykk til 1.divisjon. Ein godt førebudd Fortunagjeng viste godt kva som møtte oss, men vi håpte og trudde på siger om vi fekk ut ein maksprestasjon krydra med marginane på våre side.

Resultat : 5-0(2-0).
Gule kort : Vivian Saadi.
Dommar : Terje Rønning, Urædd.
Tribune : Ca. 250 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Josefine Ervik
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri(K), Stine Reite
Kari Skovly, Ida Kroken, Ingrid Vatne
Vivian Saadi

Innbytte :
-65 min. Ingrid ut og Henrikke Nørve inn.
-84min. Kristine og Nora ut og Ellijanne Anderson og Vilde Kroken inn.

Mål :
-1-0 26min. Eit frispark blir svinga inn i vår 16 meter, der glepp vi i markeingane og Snøgg set ballen i mål frå 6-7 meter.
-2-0 31min. På ein Snøgg-corner legg vi ein spelar i bakken og får straffe i mot oss. Snøgg skårar sikkert på straffa.
-3-0 54min. Vi mistar ballen i farleg posisjon og blir nådelaust straffa. Åleine med keeper skårar Snøgg sikkert.
-4-0 74min. Corner frå Snøgg der vi igjen ikkje gjere jobben vår, tapar duellen og ballen blir hedda i mål i hjørnet frå 7-8 meter.
-5-0 84min. Vi blir tekne i ubalanse, blir spelt rett igjennom og til slutt kan ein Snøggspelar igjen skåre åleine med keeper.

Kampen :
Vi startar kampen på ein bra måte, kjem også til kampens første corner og nestensjanse etter 3-4 spelte minutt, men Reite sitt skudd frå 16 meter går over. Etter kvart får Snøgg eit iniativ i matchen etter mange dødballar på rad. Vi rir av dei neste 15 minuttane på ein bra måte, og heimelaget kjem kun til ein stor målsjanse i denne perioden. Rundt 20 spelte minutt får vi meir og meir tak på kampen, klarar å få brukt ballen meir og Snøgg sitt iniativ i medvinden avtek. Dessverre for oss er Snøgg nådelause på 2 dødballar, der vi ikkje gjere jobbe vår og dei kan i løpet av 4-5 minuttar få satt inn 2 mål som gjere dei ei klar styring i kampen.
Etter ein sjansefattig førsteomgang med mest duellspel og kriging, så kan heimelaget ta med seg ei solid leiing til pause.
Vi ser mulighetane i pausa, for det er framleis håp !Vi startar også godt etter pause og vi tek tak i kampen. Igjen blir vi dessverre nådelaust straffa etter 9 spelte minutt, då heimelaget utnytta rein feil hos oss til å setje den avgjerande 3-0 skåringa. Det skjer det som ofte skjer, vi må framover, Snøgg stenger sine rom, vi opnar opp kontringsrom og det utnyttar heimelaget til å komme på farlege overgangar. Sjølv om vi spelemessig er med, så evnar vi dessverre ikkje å skape dei store farleghetane. 4-0 kjem etter ein ny dødball og 5 – 0 kjem etter ei kontring.
Då er det til slutt berre å innsjå at vi heller ikkje denne gangen er gode nok.

Kaptein Mette om kampen :

Det var en meget spent gjeng som var klar for å gi alt i kampen om opprykk. Vi hadde forberedt oss godt og viste hva som ventet oss.
Første omgang er preget av mye kriging og tette dueller, der Snøgg scorer på nettopp det vi visste de kunne ta oss på – dødballer.
I andre omgangen må vi naturligvis fremover for å prøve å skåre, og som da går utover den defensive strukturen.
Vi prøver virkelig det vi kan, uten å lykkes. Vi taper rett og slett for et bedre fotballag, og som helt sikkert kommer til å hevde seg godt i divisjonen over.
Det er selvfølgelig utrolig kjipt når alle i og rundt laget har jobbet hardt for å få til det vi alle drømte om – opprykk.
Likevel er vi ikke gode nok i år heller, og det viser at vi alle må jobbe enda hardere neste år.

Trenarkommentar :
Vi var godt førebudde på at vi skulle møte eit sterkt og solid heimelag, vi viste også godt kva dei kom med og vi viste meget godt at dei har 4 spelarar i laget med 500 kampar til saman i Toppserien. Det høyres kansje merkeleg ut, men på mange måtar lykkast vi med kampplanen vår lenge, vi fekk ridd av den første «stormen» og vi fekk nekta tilgang på ball for dei beste Snøggspelarane. Dessverre så gleppe det fatalt på to situasjonar rett før og rett etter 30 spelte minuttar, då vi verkeleg var på veg inn i kampen.
Etter pause gjere vi igjen eit ærleg forsøk, men igjen gjere vi dessverre ein feil som gode spelarar og lag straffa oss nådelaust på. Dermed var faktum 3-0 til heimelaget etter 60 spelte minutt, etter å ha skåra på 3 av 4 store sjansar. Det som skjer den siste halvtimen er det ikkje vits å bruke tid på, då handlar det sjølvsagt om at vi må framover, medan heimelaget får dei romma og mulighetane dei ynskjer.
Det blir jenter mot damer, vi blir knust på fysikk, kraft og råskap. Totalen er uansett nådelaus – vi er ikkje gode nok !
Igjen har vi opplevd eit år der vi blir tappa for våre beste spelarar.
Malin Sunde og Ingrid Alnes i vinter(begge fast i Toppserie og 1.divisjon), i sommar Katarina Sunde, Anna Fjørtøft, Oda Tennfjord og Camilla Smith-Nilsen + at to spelarar som skulle løfte oss i høst ikkje var tilgjengelege lørdag pga. skadar i Solveig Engås og Daniela D. Gudnadottir. I tillegg til dette har vi hatt «pendlarar» i Vivian og Ida i høst. Ein treng ikkje å vere «rakettforskar» for å forstå at med slike forfall, så er ein i realiteten sjanselaus i dette selskapet.
Damefotballen er i ei rivandes utvikling, det er ekstremt mange klubbar som satsar beinhardt og nålauget frå 2.divisjon til 1.divisjon på damesida er det tøffaste i norsk fotball.
Det ein ikkje kan feie under teppet er at ein står framover store utfordringar på damesida på Sunnmøre, vi er langt på etterskot sett i forhold til toppfotball og skal ein snu den trenden
må det gjerast klare og store endringar. Den første og største endringa som må til er at ein må forstå at ein kjem ikkje til toppfotballen ved å drive på med breddekvalitet. Tøffare krav, tøffare prioriteringar og ein mykje råare treningskultur må på plass.

Magne