I dag  18. februar har Fortunagjengen vore samla til “laglørdag” på Blindheim.

Her har det vore ulike aktivitetar på agendaen.

Vi starta dagen med fellesfrokost, tillaga på den beste måten av Randi Skovly og Mario Hormazabal.
Etter at frokosten var over, så var det tid for gruppearbeid, dei spelarane skulle drøfte og bli einige om ulike ting i forhold til :
– Kva skal vere verdiane vi skal ha i spelargruppa ?
– Korleis skal vår treningskultur vere ?

– Korleis skal vi oppføre oss og kva reglar skal vi ha på og utanfor bana.
– Sist men ikkje minst, så vart spelargruppa einige om kva delmål og resultatmål vi skal ha i 2017.

Her kan vi no røpe kva resultatmål spelargruppa har satt for 2017 sesongen :
– Serien : Vinne 2.divisjon og rykke opp til 1.divisjon.
– NM damer : Komme seg inn i 3.runde.
– NM J19 : Komme seg minst inn i semifinalen.

Vidare gjekk vi igjennom ein del videobilder frå kampen mot Volda onsdag, der vi drog fram gode eksempel på korleis vi ynskjer at laget og enkeltspelarar skal opptre i dei ulike spelfasane. Her var det særs mykje positivt å bygge vidare på.
Ved lunsjtider var det klart for kamp mot Rollon G16(Les om kampen i eiga sak). Etter kamp var det tid får å stupe i bassenget på Blindheim ungdomskule, der det vart livleg og eit stort egansjement med vannpolokamp og “kurs” i livredning.
Dagen vart avslutta tilbake på klubbhuset på Blindheim, der spelarane lagde til taco og kapteinsduoen, Muri og Reite, hadde laga til ein utfordrande quiz ?

Ein flott dag !

Kategorier: Nyheter