FK Fortuna Ålesund – Sindri
Treningskamp Belek i Tyrkia 27.03.18

 Tirsdag tok vi ein liten tur inn til Belek for å avslutte vårt Tyrkiaopphald med kamp mot islandsk motstand. På ein varm og flott dag spelte vi på det fantastiske anlegget, Papillon Sport Center.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Oda S. Tennfjord, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Anna Fjørtoft, Kari Skovly
Katarina Sunde

Innbytte :
– 46min. Kristine, Cecilie, Oda, Ida, Camilla, Anna og Kari ut.
Stine Muri, Helena Vattøy, Vilde Kroken, Eva Hormazabal, Ingrid Vatne,
Tora Ose og Ellijanne Andersson inn.
– 67min. Katarina ut og Ida inn igjen.

* Vivian og Lisa stod over pga. skadar.

Mål :
– 1-0 11min. Mette vinn ballen høgt i bana og trer gjennom Katarina, som vendar opp og skyt i mål i lengste hjørne frå 13-14 meter.

-2-0 16min. Eit langt etablert angrep der Nora spelar opp på Katarina, som spelar vidare til Kari. Ho skjer inn og går til dørlinja og legge ut igjen til Katarina som breisidar ballen hadrt i mål i lengste hjørne.

-3-0 49min. Mette heddar eit utspel opp i beina på Katarina, som flikkar vidare til Ingrid som tek med seg ballen og skyt i mål i nærmaste hjørne frå 16 meter.

-4-0 56min. Vi trykker på og Ingrid spelar til Nora som svingar inn eit perfekt innlegg mot bakre stolpe der Katarina er fri og set ballen kontrolert i mål på volley frå 6-7 meter.

-5-0 84min.  Ingrid vinne ballen frå backen og driv inn mot mål, der ho spelar på tvers til Eva som har plassert seg godt og berre kan breiside ballen i mål frå 6-7 meter.

 

Kampen :
Sindri spelar i islandsk 1.divisjon(nivå 2) der dei vart nr. 7 av 10 lag i 2017.

Vi må vel seie at vi hadde håpa på og forventa betre motstand, for dette

vart spel mot eit mål i samtlege 90 minutt i den Tyrkiske varmen.

Vi har ballen stort sett heile kampen, eg vil tippe over 90 % av tida og Sindri

kontrollerar nesten aldri ballen på vår halvdel.

Ikkje eit skudd på mål har dei i kampen og Marthe i mål er kun i aksjon ved nokre

få tilbakespel i kvar omgang.

For vår del blir dette øving i spel mot etablert forsvar, der motstandaren er ekstremt lave.

Vi brukar også heile troppen av dei tilgjengelege og byttar 7 spelarar til pause.

For å vere heilt fornøgde skulle vi nok ha skåra nokre fleire mål ut i frå alle sjanse

som vi skapar i løpet av kampen. Vi har eit forbetringspotensiale i forhold til

effektiviteten vår !

Alt i alt ei grei avslutning på Tyrkiaopphaldet.

*No gjenstår kun en kamp før seriestarten heime mot Nardo lørdag 21.april. Det er generalprøva mot 1.divisjonslaget Kaupanger.
Kampen går på Nordfjordeid lørdag 7.april kl.14.00.

Magne