FK Fortuna Ålesund – Skibsby Højene 2

Dana Cup
Gruppespel 2 x 25 min.
25.07.

I dag var det endeleg klart for første kampen i årets Dana cup, og det var utan tvil ein motivert
og spelelysten Fortunagjeng som var klar for å komme i gang.

Slik starta vi i 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord og Ida Kroken.
Mette Muri(K) og Stine Reite.
Kari Skovly, Vivian Saadi og Ingrid Vatne.
Malin Sunde.
Innbytte :
– 26 min : Marthe, Ida, Reite, Vatne, Oda og Malin ut.
Inn kom Lisa Raknes, Helena Vattøy, Anna Fjørtoft, Katarina Sunde, Birgitte Bjørlykhaug
og Kristine Gulbrandsen.
– 37 min. Mette, Cecilie, Kari og Vivian ut.
Inn igjen kom Ida, Oda, Reite og Ingrid.

Mål :
– 1-0 10min. Ingrid V. (Vivian).
– 2-0 11min. Malin(Stine M).
– 3-0 14min. Malin(Kari).
– 4-0 18min. Malin(Kari).
– 5-0 21min. Stine R(Kari).
– 6-0 23min. Mette.
– 7-0 24min. Malin(Mette).
– 8-0 26min. Birgitte(Vivian).
– 9-0 31min. Katarina(Kari).
– 10-0 33min. Katarina(Birgitte).
– 11-0 47min. Katarina(Anna).

Kampen :
Det er vel som de sikkert forstår av resultatet, berre med å konkludere at det var total einvegskøyring
frå start til slutt i dag. Motstanden var ikkje all verden, like fullt er det viktig å gjere jobben, vere profesjonelle og
bruke kvar mulighet til å øve. Det synst eg vi gjorde på ein god måte ! Fleire av måla kom etter meget gode og tydelege
kombinasjonar. Samstundes fekk vi brukt heile troppen på ein god måte, der samtlege 17 spelarar spelte minst 1 omgang.
Det har vore litt endringar i gruppene og på oppsettet, slik at vi kun har 1 kamp i dag.
I morgon skal gruppespelet avgjerast, då vi møter Fortuna Hjørring 2 kl.08.30 og Molndal kl.15.30.
Det er viktig med gruppesiger i forhold til vegen vidare………

Då er vi i gang og vi gledar oss til fortsettelsen ?

Coach Magne