SK Herd – FK Fortuna Ålesund
1.runde NM damer – Amfi Moa stadion 02.05.18

Vi viste dette kom til å bli eit slit, og eit slit vart det då så absolutt.
Det måtte 120 speleminutt + straffesparkkonkurranse til før det heile
enda med ein særs lykkeleg Fortunakveld.

Resultat : 2-4 etter straffekonk.(2-2).
Gule kort : Vivian Saadi og Ida Kroken + 1 til Herd.

Tribune : Ca. 150 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Oda Sperre Tennfjord, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Kari Skovly
Katarina Sunde

Innbytte :
– 75min. Kari ut og Ingrid Vatne inn.
– 75min. Vivian ut og Anna Fjørtoft inn.
– 90min. Oda ut og Kristine Gulbrandsen inn.

*Eva Hormazabal og Vilde Kroken ubenytta.

Mål :
-1-0 32min. Vi er ikkje på og tilslutt er Birgitte Bjørlykhaug fri i vår 16 meter og skårar
pressa frå 7-8 meter hald.

-1-1 33min. Vivian legg tilbake til Ida, som tek med seg ballen og dunkar ballen i mål
Heilt nede ved stolperota frå ca. 22-23 meter.

-1-2 70min. Katarina blir spelt opp ute mot venstre, ho driblar seg forbi og slår eit innlegg.
Ho får ballen tilbake og legg perfekt igjen til Ida som frå 10-12 meter breisidar ballen i
mål heilt oppe i motsatt hjørne.

-2-2 81min. På ein corner blir det gjeve eit uforståeleg straffespark.
Camilla Ervik dunkar straffa sikkert i mål.

Straffesparkkonkurransen :
-Katarina D. Sunde skårar 2-3.
-Camilla Ervik skyt over.
-Cecilie Otterlei skårar 2-4.
-Marte reddar(2 gangar) frå Malin Munkvoll.
-Anna Fjørtoft si straffe blir redda.
-Martine Ellefsen skyt utanfor .
-Helena Vattøy skyt over.
-Ingrid Engås skyt utanfor.

Kampen :
Dei første 32 minutta i dag(fram til Herd si 1-0 skåring) er det berre å seie at Herd er best !
Vi kunne fort vore under 2-0 i denne perioden, men ei annulert skåring og ei strålande redning
av Marthe gjere at det ikkje ser verre ut.
Heldigvis tek Ida ansvar og svarar direkte med å sende oss i utlikning 1-1 rett etter Herd si leiing.
Dei siste minuttane inn mot pause er det betring å spore.
Vi er alle einige om at det kun kan gå ein veg – oppover – i pausa.
I andreomgangen er vi klart best, vi får leiinga i kampen og skapar sjansar til å punktere den.
Herd er nesten ikkje nær målet vårt etter sidebytte, men får etter vårt syn ei særs merkeleg straffe.
Då endar kampen 2-2 etter ordinær tid.
I første ekstraomgang fortsette vi å køyre kampen, men vi får ikkje satt den avgjerande skåringa.
Den andre ekstraomgangen er jamnare, men begge laga er sletne og ekstraomgangane ebbar ut med
eit uavgjort resultat.

Straffesparkkonkurranse er bingo !

Spelarane på begge laga har særs høge skuldrar, men det er våre to faste straffeskyttarar, Katarina
og Cecilie, som held hovudet kaldt og skårar. Dei 6 andre straffene blir redda eller skote utanfor mål.
Marthe er strålande i mål og reddar straffer frå Malin Munkvoll to gangar ! Første gang meinar dommaren
at Marthe går for tidleg, men ho reddar like godt straffe nummer to. Fantastisk !
Då er det til slutt vi som kan juble for ein vanvittig herleg og deilig siger !
Prestasjonen i dag, spesielt før pause er særs svak. Vi er energilause, heng ikkje saman og verkar defensive
i tankegangen vår og på måten korleis vi opptrer. Kansje har vi bomma på inngangen til kampen ?
Det er uansett mitt ansvar som hovudtrenar – dette må vi lære av.
Det som er gledeleg er at vi på ein slik blytung dag klarar å reise oss, og igjen slå Herd på ein dag då
vi er langt unna vårt normale nivå.
Alle veit at cup er cup, i enkeltkampar kan alt skje, det har vi sett rundt omkring i landet seinast i kveld….
Som vi prata om før straffene skulle skytast, vi vinn og tapar saman, i dag vinn vi SAMAN !

Ei ekstra stjerne i boka i dag til Ida og Marthe, som våre to beste i dag.

Kaptein Mette om kampen :

For et drama!! Vi kriger og prøver, selv om dette var en dag der ikke alt satt som det skulle.
Herd gikk fortjent i ledelsen, men vi kom raskt tilbake.
2. omgang er vi det førende laget, men det ender tilslutt med straffer.
Så deilig og utrolig lettelse å gå videre i cupen!!

No gledar vi oss til å få vete kven som blir vår neste motstandar i cupen.

Det var ein lidelse av ein fotballkamp, men heldigvis enda den lykkeleg for vår del til slutt ?

Magne

Kategorier: Nyheter