Magne i 100!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

 

Magne Elde som er hovudtrenar for FK Fortuna jubilerer med 100 kampar for klubben!

Magne er nå trenar i sin andre periode med klubben, og han trente laget mellom 2012-2014,før han vende attende til 2017 sesongen.Er nå inne i sitt 5 år som Fortuna-trenar! Det er suverent det lengst sittande trenaren i klubben si historie. Han har i disse 99 kampene, 52 seiara, 15 uavgjort og 32 tap. Det inkluderer serie og NM kampar. I sin 100 kamp møter han og jentene ingen ringare enn den største utfordraren til opprykk, nemleg KIL/Hemne.Naturlegvis ynskjer han ein god siger i sitt jubileum!!

Inn i mellom kampforberedelser og planlegging for kampen fikk vi nokre ord med Sjefen!

Fortel litt om bagrunnen din som trenar? Har du også trent andre klubbar?

Eg trente mitt alle første fotball-lag som 16 åring i Bremanger. Då eg starta der med G12 laget. Då eg var 19 år trente eg A-laget til Bremanger for første gang i 4.divisjon. Ellers var eg i Bremanger fram til eg var vel 30 år, der eg har trent aldersbestemte lag i tilegg til herrelaget og damelaget. I tillegg har eg trent fleire kretslag i Sogn og Fjordane og vare aktiv der. Har jobba i 4 år son dagleg leiar i Tornado Måløy FK, før eg byrja som spelarutviklar i Sogn og Fjordane Fotballkrets i 2011. Der var eg i 1 år før eg fekk tilbodet om å ta over Fortuna i 2012 og var der til 2014. Dei siste åra har eg jobba i Blindheim Fotball rundt FFO og A-laget, og er endå litt i klubben kombinert med Fortunajobben.

Har du spelt fotball sjølv og kva karriere har du å vise til her?

Eg har inga stor spelarkarriere å skryte av  Spelte aldersbestemt og litt A-lagsfotball for Bremanger i 5. og 4.divisjon. Då eg byrja å trene A-laget, så fann eg vel fort ut at det var betre å konsentrere seg om trenargjerninga og at potensialet var større der.

Utanom fotballen, har du ein hobby eller interesser?

Det meste av tida går nok med til fotballen, som er både jobb og hobby, men er veldig samfunnsengasjert og likar å følge med på politikk. Har tidlegare vore med i kommunestyre i Bremanger t.d. Ellers driv eg faktisk eit pensjonat heime i Bremanger, noko eg har gjort i 18 år, så det er på mange måtar litt ein hobby for meg. Ellers skulle eg vore flinkare å trene, men periodevis blir det litt fjellgåing.

 

Høgdepunkt i trenarkarrieren?

Høgdepunktet er utan tvil NM-gullet for J19 i fjor. Ein historisk og vanvittig imponerande triumf for heile klubben – spelarar, trenarar og støtteapparat.

 

Kva er din største nedtur i Fortuna?

Den største nedturen er definitivt å tape kvalifiseringa  til 1.divisjon i fjor, den var tung å svelge.

 

Kven er den beste spelaren du har trent og kvifor?

Har trent mange gode spelarar, blant anna i Fortunatida min. Men klart Cecilie H. Fiskerstrand og Kristine Leine, som begge i dag er faste innslag i A-landslagstroppen er høgt oppe på lista. Likevel vil eg rangere Sigrid Heien Hansen frå Sandane, som spelte i Fortuna i min forrige periode som den aller beste. Ein fantasisk fotballspelar som gjekk til Arna Bjørnar og som no er i Kolbotn, men dessverre har vore ute lenge med skade og sjukdom. Skade og sjukdomsfri er eg sikker på at ho hadde spelt fast på A-landslaget i dag.

Vi reknar med at opprykk er ditt største mål, men kva skal til for at ein stabiliserer og gjer fremtida lys for Sunnmørsfotballen?

Ja, akkurat no handlar det kun om ein ting – få Fortuna tilbake i toppfotballen ! For å stabiliser ein klubb i toppen av norsk fotball, så må vi bygge ein endå sterkar organisasjon og vi må ha meir økonomi inn slik at jentene kan velge å prioritere fotball før jobb og studiar, når dei er ferdige med vidaregåande skular. Så må det jobbast endå sterkare og betre med spelarutvikling, slik at dei beste jentene får eit like godt tilbod som dei beste gutane.

Har du eit forbilde på trenarsiden?

Eg har vel ikkje noko konkret forbilde, eg likar å følge med å dra lærdom av ulike typar trenarar både lokalt og internasjonalt. Å sjå økter og kampar av ulike lag og trenartypar er alltid lærerikt og utviklande.

Kva meiner du er din styrke som trenar og kva er din svakheit?

Mine styrkar meinar eg er at eg er tydeleg og klar på korleis eg vil ha ting. Eg trur eg er bra sterk fotballfagleg og veit korleis eg vil at mitt lag skal opptre og sjå ut.  I tillegg er eg strukturert, ein god organisator og har eit stor engasjement. Min største svakhet er at engasjementet av og til tek over styringa i kampsituasjon – slik at engasjementet og galskapen tek over styringa i forhold til sunn fornuft.  Samstundes set eg store krav og det kan vere utfordrande for omgjevnadar som kansje ikkje heilt forstår kva som skal til for å drive toppfotball.

Korleis ser du på resten av sesongen for Fortuna ?

Eg har veldig stor tru på laget mitt og trur at resten av sesongen kan bli meget god. Vi har fått ein fantastisk start både i serien og i NM. Klart kampen mot KIL/Hemne vil uansett korleis vi snur og vendar på det bli svært avgjerande for utgangspunktet for resten av sesongen. Vi har ei fantastisk flott spelargruppe, som eg håpar å trur er sterk nok til å verkeleg kunne gjere dette til eit jubelår !

Sett opp ditt draumelag av lokale spelarer som i dag kunne kjempa i toppserien !

Eg er ikkje eit sekund i tvil om at hadde vi satt saman dei beste spelarane frå  desse snart 5 åra mine i klubben, så hadde denne gjengen hevda seg godt i Toppserien. Eit kriterie for å komme med på laget er at spelarane endå er aktive.

Mitt draumelag set eg opp i 4-2-3-1 :

Keeper : Cecilie Fiskerstrand

Forsvar : Cecilie Otterlei, Isabell Bårdsgjære, Kristine Leine, Ingrid Alnes

Sentral midtbane : Malin Sunde, Mette O. Muri(K)

Vivian Saadi, Sigrid Heien Hansen, Emile Nautnes

Katarina D. Sunde

Benken :

Josefine Ervik(keeper),Ida Kroken(all over), Camilla Ervik(stoppar), Camilla S. Nilsen(kant),

Lise J. Eide(spiss).

Her ville det vore stor konkurranse, så fleire på benken kunne bytta med dei frå start og mange gode kandidatar både får dagens Fortunalag og min forrige periode kunne bidrege på dette laget.

Tenk å fått samla denne gjengen ?  

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!