FK Fortuna Ålesund – Sunndal
2.serierunde – 27.04. Aksla stadion.

Foto : Marius Simensen
  • Resultat : 9-0(3-0).
  • Gule kort : Stine Osvold Muri.
  • Dommar : Tove Marie Tandstad, Velledalen og Ringen IL.
  • Tribune : Ca.80 tilskodarar.

Mål :
-1-0 3min. Stine kastar i beina på Anna inne i 16 meteren. Ho vendar av forsvararen og spelar ballen på tvers til Solveig på løp som breisidar ballen i mål i lengste hjørne frå 7-8 meter.
-2-0 4min. Vi spelar oss fri bakfrå og får spelt ut til Nora på venstresida. Ho fossar framover, mistar først ballen før ho gjenvinne og spelar ut til Ingrid som fossar inn i feltet. Der spelar Ingrid ein fin pasning til Kari som kjem på eit strålande løp og kan frå 6-7 meter på nærmaste stolpe setje ballen i mål.
-3-0 39min. Nora kastar i beina på Anna i 16 meteren. Ho legge igjen til Ingrid som dreg med seg ballen innover, før ho frå 10-11 meter dunkar ballen i mål i nærmaste hjørne.
-4-0 53min. Stine kastar i beina til Oda ca. 30 meter frå Sunndal sitt mål. Oda slår eit perfekt innlegg i rommet mellom stopparane og keeper, der Solveig snike seg inn bak ryggen på stopparen og set ballen i mål frå 7-8 meter.
-5-0 66min. Martine kjem seg fri og blir lagt i bakken ca. 30 meter frå mål og litt ute mot vår høgre side. Nora svingar inn eit perfekt frispark, som Mette kjem på og heddar i mål kontant frå 6-7 meter mot bakre stolpe.
-6-0 73min. Etter eit langt angrep der vi har ballen i 1 minutt frå vi vinne den til ballen ligge i mål, så blir det ei strålande skåring. Etter 11 pasningar i laget, så spelar Mette ut til Ingrid på kanten. Ho sete på fart og driblar av både back og stoppar før ho til slutt skyt ballen kontrollert i mål frå 10-11 meter.
-7-0 75min. Nora kastar på midtstreken. Ho kastar i beina på Anna som spelar til Ingrid på løp. Ingrid kjem seg fri nede på sida og spelar ut igjen til Anna som frå 13-14 meter set ballen strålande opp i nærmaste vinkel.
-8-0 78min. Cecilie trer opp til Solveig som spelar Daniela igjennom. Ho spring frå forsvaret og uegoistisk berre sleppe ballen på tvers til Anna, som kan takke og bukke og «springe ballen» i mål frå 5 meter.
-9-0 90(+2)min. Først har venstreback Nora «surra» seg bort på høgresida og kombinerar med høgreback Ellijanne. Ballen blir spelt inn igjen til Vilde, som spelar vidare til Mette. Ho spelar ein perfekt ball til Ingrid, som kjem seg til dørlinja og spelar ballen 45 grader ut til Anna på 56-7 meter som berre kan breiside ballen i mål.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Solveig Engås og Oda Tennfjord
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-58min. Oda ut og Vilde Kroken inn.
-58 min. Kristine ut og Cecilie Otterlei inn.
-68min. Martine ut og Stine Reite inn.
-68min. Kari ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
-68min. Stine ut og Ellijanne Anderson inn.

Viste du at ?

  • Anna Brenne skåra i dag sine første offisielle mål for Fortuna. Ho gjorde det like godt med å skåre ekte hattrick i løpet av det siste gode kvarteret av kampen !
  • Martine Arnestad Olsen debutere i dag frå start for Fortuna etter 2 innhopp i serien tidlegare.

Foto : Marius Simensen

Foto : Marius Simensen

Kampen :
Vi går rett i strupen på Sunndal omtrent frå første spark på ballen. Kun etter vel eit minutt set vi opp eit strålande angrep der Martine til slutt trer Anna åleine med keeper, ein duell keeperen vinne.
Kun gode 2 minuttar seinare skal vi likevel ha teke leiinga 2-0 etter vel 4 spelte minuttar. Vi fortsette å spele god fotball og skape mange store målsjansar etter godt spel. Likevel må vi vente til neste 40 spelte minutt før vi skal få vår 3-0 skåring ved Ingrid. Etter ein førsteomgang med total dominans og 10-1 i store målsjansansar leiar vi sær fortjent 3-0. Pausa blir brukt til småjusteringar og jentene er tydelege på at dette er kjekt !

Etter litt smårot dei første minutta av omgangen, så får vi 4-0 skåringa og totaldominansen blir om mogleg endå sterkare etter sidebytte. Vi spelar god fotball, vi skapar sjansar og vi skårar 6 flotte mål i andreomgangen.
Sunndal har på si side lite å stille opp med i dag, vi er rett og slett mykje, mykje betre. Likevel får dei ein mulighet i kvar omgang, men då viser Marthe at ho er i sin livs form for tida, men to flotte redningar. Total skapar vi imponerane 18-19 store målsjansar i dagens kamp. På overtid fullførar Anna sitt ekte hattrick og fastset sluttresultatet til 9-0.


Foto : Marius Simensen

Foto : Marius Simensen

Kaptein Mette om kampen :
Etter å ha vært litt ujevne i prestasjonene i oppkjøringa og i første seriekamp mot Herd, hadde vi i dag virkelig lyst å vise oss fra ei bedre side og det synes jeg vi absolutt klarer !
Vi tar tak i kampen fra start og styrer det meste fra start til slutt. Deilig er det også at det offensive spillet virkelig begynner å sitte og vi får scoret mange flotte mål !

Trenarkommentar :
Dette var ein lettelse, dette var vakkert og dette var rett og slett ein god opplevelse !
Ja, eg har sett positive teikn i det siste, men at vi skulle levere ei slik oppvisning i offensiv og attraktiv angrepsfotball som vi gjere i dag, den såg eg ikkje komme alt no 😊
I dag sat touchen, i dag sat pasningsspelet, i dag sat relasjonane og ikkje minst så sat den offensive samhandlinga. Vi har vist ei klar formstigning den siste tida og vi har jobba hardt med å få satt eit godt angrepsspel.
At vi so til grader lykkast med det i dag, og får betalt er utruleg kjekt for både spelarar og støtteapparat. I dag får vi trua dei romma vi ynskjer å true og vi får satt spelararne ofte opp i dei situasjonane der dei får brukt
sine styrkar. Samstundes er det utruleg kjekt at samtlege 16 spelarar i troppen verkeleg får bidra i dag og setje sitt preg på kampen. Ein meget sterk laginnsats i dag der mange står fram, men dagens aller beste må vere Ingrid, som verkeleg får vist mykje av det store potensialet den jenta har i seg – kjekt 😊
Dette gjev oss mykje positiv energi og sjøltillit som vi kan bygge på og ta med oss vidare !

Andre resultat denne runda :

-KIL/Hemne – Træff 1-0.
-Trondheims Ørn 2 – Herd 2-2.
-Hødd – Nardo 3-2.

Ny kamp kjem alt onsdag 1.mai kl.15.00 i NM damer mot Molde, før vi reiser til Høddvoll
og toppkamp i 2.divisjon på lørdag 4.mai.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund