Malin(17) har over lengre tid vore jakta av fleire toppserieklubbar.
I dag vart det klart at ho skal spele i den gule Ørn-drakta dei neste 2 åra.
Malin flyttar til Trondheim rett over nyttår og skal gå på Strinda vidaregåande.

Malin starta å hospitere med Fortuna første gang som 14 åring sommaren 2014, før
ho i januar 2015 melde overgang til klubben frå Spjelkavik og har spelt her då i 3 sesongar.
Ho har spelt 51 seriekampar og 5 NM-kampar og skåra 27 seriemål og 2 mål i NM.
I tillegg har ho spelt J19 kampar i NM.
Malin vart i år toppskårar med 19 seriemål + 1 mål i J19 NM.
Høgdepunktet i Fortunakarriera er nok NM-gullet for J19 i høst.

FK Fortuna Ålesund er stolte av å nok ein gang levere ein spelar til norsk toppfotball !
Eit av våre viktigaste mål som klubb saman med å levere sportslege gode resultat, er å levere
spelarar til toppfotballen. Her har vi vore unike dei siste åra !
Malin har eit særs stort potensial som fotballspelar, og vi håpar og trur at Trondheims Ørn
er eit godt og riktig steg vidare i karriera.
Det er alltid trist og vemodig å miste gode fotballspelarar, for oss, Malin, ved dette høvet.
Samstundes er det slik “næringskjeden” er og skal vere i fotballen, når ein spelar er klar til å ta neste
steget i fotballkarriera si, ja, så skal vi som klubbar legge til rette for dette.

I sommar var Malin Norges beste spelar i EM-sluttspel for J17 som tok bronsemedaljar.
I dag kom også nyheten om at ho også var teken ut på All star team i EM – ein imponerande prestasjon !

Vi takkar Malin for ein strålande innsats i klubben gjennom 3 år, og ynskjer ho mykje lykke til vidare ! ?