Hver måned kårer vi «månedens spiller».

– Denne spilleren får en flott diplom + en fin gave.

Dette blir det vurdert ut i fra :
– Treningsoppmøte.
– Poengliga.
– Innsats og kvalitet på trening og i kamp.
– Engasjement på og utenfor banen.
– Utvikling og fremgang.

I samband med treningen mandag, så vart det delt ut pris for månedens spiller både for april og for mai måned.

Månedens spiller for april er : Katarina Dybvik Sunde.

Trenerene sin vurdering :

Etter ei litt ujamn sesongoppkøyring vart april månaden der Katarina verkeleg fann målformen til sesongstarten ! 3 mål i generalprøva mot 1.divisjonslaget Kaupanger vart følgd opp med 2 mål i kvar av dei to første seriekampane, og sidan har ho fortsatt å bøtte inn mål. Katarina står fram og jobbar godt på treningsfeltet, vil ta nye steg og har blitt ein naturleg X-faktor i Fortunalaget. Ho har spesielt teke enorme steg i posisjonsspelet sitt i forhold til bevegelsesmønsteret og å vere oftare på rett plass framfor motstandaren sitt mål. Katarina har kvalitetar som kan ta ho langt som fotballspelar !

Månedens spiller for mai er : Marthe Bjørhovde.

Trenerene sin vurdering :

Marthe har jobba hardt og har hatt ei god utvikling gjennom heile vinteren på treningsfeltet. Ho er alltid tilstades, 100 % oppmøte i mai og totalt 98 % i heile 2018 ! Marthe brukar kvar økt til å utvikle seg og viser stor lidenskap i treningsarbeidet. For ho vart mai månad det verkeleg gjennombrotet som Fortunakeeper. Ho har blitt tryggare og vore stabilt god over lang tid no. Samstundes har ho i mai hatt nokre særs gode kampar og har hatt fleire matchavgjerande redningar. Marthe har gått frå å vere ein god treningskeeper til å bli ein god kampkeeper !

Vi gratulerar Katarina og Marthe med fortjente prisar ?