Hver måned kårer vi «månedens spiller».
– Denne spilleren får ein diplom + en fin gave.

På treningen i kveld vart prisene for både april og mai delt ut.

Dette blir det vurdert ut i fra :
– Treningsoppmøte.
– Poengliga.
– Innsats og kvalitet på trening og i kamp.
– Engasjement på og utenfor banen.
– Utvikling og fremgang.

Månedens spiller for april er : Malin Skulstad Sunde.

Trenerene sin vurdering :

Malin har teke store steg som fotballspelar i vinter og vår, noko
som kuliminerte med at ho var Norges desidert beste spelar under J17 EM i månadskifte april/mai.
I april var Malin strålande i både trening og kamp, kjempa seg inn i toppkampen i “poengligaen” vår og
leverte mange gode kampar.
Ho var meget god under treningsleiren vår i Spania, herja i generalprøva mot Kaupanger og vart matchvinnar
i seriepremiera borte mot Volda med to viktige skåringar.
Malin har X-faktor ved seg og er ein særs fortjent vinnar i april !

 

Månedens spiller for mai er : Kari Erstad Skovly.

Trenerene sin vurdering :

Kari hadde ein trøblete april månad med litt småskadar og ting gjekk ikkje rette vegen.
Ho var ute av laget i generalprøva til seriestarten og ingenting er då betre og kjekkare når ho då slår
tilbake med storspel. Ho spelte ei meget god serieopning og har fortsatt å levere på eit høgt nivå i mai.
Stor borte mot Trondheims Ørn, strålande i J19 NM-kampen mot Molde og ikkje minst so
herja ho periodevis med Norges beste fotball-lag i NM forrige veke.
Kari har teke store steg etter å kun ha spelt lokal 3.divisjon so seint som i fjor vår, og det er kjekt å
sjå utviklinga ho har hatt.
Kari er ein særs fortjent vinnar i mai !

Vi gratulerar !

Sportsleg helsing:
Magne Elde

Kategorier: Nyheter