Månedens spiller for februar, mars og april!

Facebook
Facebook
INSTAGRAM

På treninga i dag kom ei litt forsinka utdeling av månadens spelar for dei 3 siste månadane 😊

Månadens spelar får ein diplom + ei fin gave.

Dette blir det vurdert ut i frå :

– Treningsoppmøte.
– Poengliga.
– Innsats og kvalitet på trening og i kamp.
– Engasjement på og utanfor bana.
– Utvikling og framgang.

Månadens spelar for februar: Anna Brenne.

Trenaren si vurdering :
Anna kom i januar månad frå Sykkylven og etter å ha følt nivåskilnaden i starten, så tok ho stadige nye steg i februar.
Ho hadde 100 % treningsoppmøte og var meget god i vår interne liga, poengliga, der ho fekk flest poeng i februar.
Stadig utvikling og mestring på treningsfeltet enda med at ho også skåra sine første Fortunamål,
då ho skåra to mål i treningskampen mot Træff(4-0).

Månadens spelar for februar: Stine Osvold Muri.

Trenaren si vurdering :
Stine hadde ein sterk mars månad, der ho deltok på samtlege fellesøkter.
For Stine var 2018 ein varierande sesong med skadar og ein del tid på benken.
Difor kan ein på mange måtar seie at mars var eit lite vendepunkt for ho.
Dette var månaden då ho «slo tilbake». Ho fekk verkeleg fart på utviklinga si og viste klar framgang
gjennom trening og fleire gode kampar.

Månadens spelar for februar: Marthe Bjørhovde.

Trenaren si vurdering :
Marthe hadde ein strålande april månad, der ho hadde 100 % treningsoppmøte.
Gjennom gode prestasjonar i trening og kamp, så utvikla ho ein stor trygghet og autoritet
i Fortunamålet. Kun 1 baklengsmål på 3 kampar i april, og vår beste spelar
i 0-0 kampen og serieopninga mot Herd i starten av månaden.

Vi gratulerar alle tre jentene og ser at alle fortsatt er i ei positiv utvikling 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund