Vi er veldig glade for at det no er klart at vi får med oss vår førstekeeper frå årets sesong med inn i 2020 !
Marthe Bjørhovde(19) går med det inn i sin 4. sesong i klubben, etter å ha kome til oss frå moderklubben Eid IL i januar 2017.
Ho har til no spelt 45 kampar for FK Fortuna Ålesund.

Marthe vil då saman med nysignerte Benedicte L. Berge utgjer vår keeperduo for 2020.

Å ha sikra oss ein spennande, dyktig og utviklingsorientert keeperduo inn i 2020, det er vi særs fornøgde med seier hovudtrenar Magne Elde.
Marthe og Benedicte jobbar godt saman og vil bidra til å pushe og utvikle kvarandre vidare, saman med ei sterk spelargruppe og dyktig støtteapparat, avsluttar ein fornøgd hovudtrenar.

Svært glad for at eg ikkje har spilt min siste kamp for Fortuna, men kan vere en del av klubben videre.
Eg er veldig motivert for å utvikle meg enda meir som fotballspiller i ei fantastisk spillergruppe, og sjølvsagt å kunne bidra mest mulig til at vi når målet om opprykk i 2020 !

Keeperduoen er på plass 😊

Kategorier: Nyheter