I dag signerte balleleganten Martine Arnestad Olsen papira som gjer ho til Fortunaspelar. 2002 modellen frå Blindheim har herja rundt på fotballbaner på Sunnmøre både på jentenivå, og dei siste par sesongane for Blindheim damer i 3.divisjon. Martine var toppskårar for Blindheim damer i 3.divisjon i 2018 med 12 seriemål. Martine debuterte faktisk for Fortuna alt i 2018 med eit lite innhopp i bortekampen mot Sunndal. Dette i samband med at Martine var på lån for å spele J19 NM. Etter å ha trent fast med oss over ein periode og vist ei flott utvikling, så er vi glade for at ho no tek steget for alvor inn i Fortunastallen.

Martine er ein spelar med ein fantastisk ballkontroll, ho har ein meget presis venstrefot og har eigenskapar både som ein kreativ playmaker og avsluttar. Ho er ein offensiv spelar som likar seg best sentralt i bana.

Martine går no i «fotspora» til si mor, Unni Arnestad, som spelte for klubben heilt tilbake til midten av 90-talet(94-95 sesongane). Martine si tante Nanette Skodje Olsen som også har spelt toppfotball i Asker og Sandviken, har spelt for Fortuna i to periodar. Først saman med Unni på 90-talet, før ho kom tilbake og spelte her i 2000 og 2001 sesongane. 2001 sesongen var den sesongen då 1.divisjon damer for første gang var landsdekkande.

Med Martine på plass i Fortunastallen er der faktisk heile 5 Blindheimsjenter i vår stall (Josefine Ervik, Stine Reite, Nora Ferstad og Kari Skovly + Martine). Blindheim er den klubben som dei siste 10 åra har levert desidert flest spelarar til FK Fortuna Ålesund. Det viser den flotte jobben klubben har gjort med jente og damefotballen alle desse åra og ikkje minst det gode samarbeidet mellom klubbane.

Vi er glade for å få Martine på laget !