FK Fortuna Ålesund – Sunndal
11. serierunde Aksla stadion 15.08.18.

Resultat : 2-0(1-0).
Gule kort : Stine O. Muri.
Dommar : Steinar Hjelle, Sunnylven IL.
Tribune : Ca. 80 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Josefine Ervik
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Mette O. Muri(K) og Oda S. Tennfjord
Kari Skovly, Nora Ferstad, Ingrid Vatne
Vivian Saadi
Innbytte :
– 46min. Helena ut(skade) og Stine Reite inn.
– 70min. Nora M. Ferstad ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
– 82min. Kristine og Stine ut og Vilde Kroken og Ellijanne Andersson inn.

Daniela D. Gudnadottir fekk i dag sin offisielle debut for klubben !
Josefine Ervik fekk i dag sin redebut for klubben etter overgangen frå Vålerenga.

Mål :
– 1-0 7min. Eit strålande angrep der søstrene Muri kombinerar på høgresida, før Mette kjem seg til dørlinja.
Ho legge inn framfor mål, der Sunndal si halvklarering fell i beina på Nora på 8-9 meter.
Med feil fot(høgrefoten), så dunkar Nora ballen sikkert i mål.
-2-0 75min. Vivian slår ein utoverskrudd corner, som Oda møter på ca. straffemerket og på halvspretten
vakkert styrar i mål heilt oppe under tverrleggaren.

Kampen :
Vi startar kampen meget godt i dag, og får også ei tidleg 1-0 leiing.
Dei første 20 minuttane er vi gode på ball, og visar fram mange flotte kombinasjonar.
Midtvegs i omgangen blir vi litt «utolmodige» og spelar litt for ofte på førstebevegelsane
og er spelr litt skjeldan vekk frå press.
Inn mot pause betrar det seg igjen, og vi får ein betre rytme i angrepsspelet.
Vi har nokre store sjansar til å auke leiinga vår før pause, men det blir med den eine skåringa.

Pausa handlar mest om taktiske småjusteringar i spelet vårt.

Etter pause i dag, så dominerar vi ballen omtrent totalt.
Vi styrar det mest, er rolege med ball, vel ofte gode løysingar, men
akkurat i dei avgjerande situasjonane på siste 1/3 del kunne vi vore litt betre.
I starten av omgangen tek vi kansje litt vel stor risiko framover, og har ved nokre høver
litt dårleg balanse etter trenaren sin smak. Vi slepp heldigvis med skrekken etter
55 spelte minutt, då Sunndal får sin einaste sjanse i kampen.
Sunndal-spissen kjem åleine igjennom, men set ballen over mål.

Vi har sjansar og gode mulighetar til å punktere kampen tidlegare, men ikkje
før Oda set ein corner i mål til 2-0 i det 75.min kan vi senke skuldrane.
Til tross for eit enormt spelemessig overtak, gode sjansar og 9 cornerar etter sidebytte,
så blir det med to skåringar i kveld.

Kaptein Mette om kampen :

Vi tar tak i kampen med en gang og spiller godt de første 20 minuttene, før vi senker oss litt ned.
Etter pause har vi stort sett ballen i 45 minutt og har mange fine kombinasjoner, selv om vi ikke skaper så altfor mange store sjanser.
Alt i alt en god kamp, der vi har full kontroll på Sunndal fra start til slutt.

Trenarkommentar :
Kun 2-0 heime mot Sunndal, vil kansje nokon seie. Ja, ein meget god prestasjon er mitt svar !
Ja, eg skulle gjerne hatt nokre mål til i nettet, og eg skulle gjerne sett av vi fekk endå fleire
klare målsjansar ut av den enorme dominansen vi har.
Likevel set eg igjen med ein god følelse i forhold til det spelet og den prestasjonen vi leverar.
Å sjå at spelarane opptre slik vi har jobba med, at det er ein god tydleghet i spelet vårt og
at vi klarar å setje eit godt pasningsspel gledar meg stort.
Eg gledar meg alt til neste treningsveke og avsluttar med å sitere assistent Ronny O :
God posisjonering/bevegelser i gode rom kombinert med mye godt pasningsspill.
Det må ha vært nydelig å være utpå der. Pent, jenter, meget pent !

Viste du ta ?
Dette var vår 11. heimekamp i serien på rad på Aksla og vår 11. strake siger !
Det betyr imponerande 33 av 33 moglege poeng og ein målskilnad på 48-4.
Difor er Aksla vårt «fort» 😊

Neste kamp er søndag 26.august borte mot Byåsen 2.

Magne