Fredag 16.juni set vi kursen mot Molde by, då det endeleg er klart for
toppoppgjer i 2.divisjon avd. 6.

Molde har for første gang på mange år ein klar ambisjon om å rykke opp til
1.divisjon damer. Molde satsar hardt på jentesida og har fått fram mange gode spelarar
dei siste åra. Denne ambisjonen ynskjer sjølvsagt vi å setje ein stoppar for, då vi har ein
klar ambisjon om å komme oss tilbake i 1.divisjon på kortast mogleg tid.

Etter 7.spelte serierundar står Molde med 7 strake sigrar, 21 poeng og målskilnaden 29-8.
Fortuna står med 5 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap, 16 poeng og målskilnaden 21-12.
Det betyr at 5 poeng skil laga før morgondagens møte. Som de forstår, so er dette det vi
kallar ein klassisk “6 poengskamp”. Vinn Molde er avstanden stor, vinn Fortuna er det i
realiteten dødt løp før høstsesongen.

På mange måtar er dette eksamen på den jobben vi har gjort sidan vi starta opp i januar.
Underteikna har sett Molde heile 4 gangar i år, og er ikkje eit sekund i tvil om at vi har betre
enkeltspelarar og er eit betre lag. Samstundes er det ikkje tvil om at i ein slik kamp, der so mykje
står på spel, so kan det fort vere marginar og tilfeldighetar som avgjer.
Vi må ha fokus på å skape ein maksprestasjon, klara vi det, ja, då kan det bli ein magisk kveld på
Aker stadion.

Vi reiser med ein tropp på 16 disponible spelarar til Molde, der kun Katarina D. Sunde
og Lisa Raknes ikkje er disponible pga. skadar.
Camilla Smith-Nilsen er endeleg tilbake etter 1 månad på sidelinja med sin ankelskade.

Kampstart er kl.19.00. Inngang 2 på Aker stadion.
For dei som ikkje kan møte på stadion, so vil Katarina oppdater kampen på vår facebookside.

Måtte det beste bortelaget vinne ! 🙂

 

Magne