Søndag kl.13.40 i Sparebanken Møre Arena er det klart for årets første treningskamp.
Motstandar er Molde, som vi kjempa hardt med om seriemeisterskapet i 2017.
Framfor 400 tilskodarar vann vi seriefinalen på heimebane 1.oktober i høst
med solide 3-1 – Då var serien i realiteten avgjort og vi klare for kvalifisering.

Vi har no lagt bak oss tre gode treningsveker der spelarane har jobba godt, intensiteten har vore
god og vi har hatt mest fokus på det defensive spelet vårt.
Vi har tre spelarar ute med skadar i Lisa Raknes, Oda Tennfjord og Nora Ferstad.
I tillegg er Camilla Smith-Nilsen og Helena Vattøy udisponible i helga.
Vi stiller uansett eit slagkraftig lag.
Vi har med oss to spennande hospitantar i troppen søndag i Vilde Kroken(Langevåg) og Martine A. Olsen(Blindheim).

Kaptein Mette Osvold Muri seier følgande før kampen :
Etter noen harde og solide treningsuker skal vi endelig i gang med første treningskamp. Det er ikke hvem som helst som står på motsatt side og vi er virkelig klar for å sette standaren fra start! Vi gleder oss.

 


Ta gjerne turen i hallen søndag for å sjå fylkets to beste damelag i aksjon i ein spennande peikepinn og naboduell !

Det blir open kiosk.