Søndag brakar det laust med 10 hektiske dagar for Fortunagjengen.
4 viktige kampar kjem på rekke og rad, 2 seriekampar, 1 J19 NM-kamp og
1 NM-damekamp.

 

 

Serien

– Søndag 21.05 kl.14.00. Byåsen 2 er motstandar på Aksla stadion.

Etter tapet mot Tynset forrige helg er vi litt på etterskot i forhold til Molde som står
med 5 strake sigrar. Det betyr sjølvsagt at vi har eit endå sterkare press på oss i forhold til
å vinne dei kommande seriekampane. Vi kan uansett ikkje gjere noko anna enn å jobbe hardt, utvikle spelet vårt og
gjere alt vi kan for å prestere best mogleg. Det er vårt fokus, so får resultata komme som ein konsekvens av det.

Første utfordring er Byåsen 2 i morgon, og då får vi endeleg spele kamp på vår heimebane Aksla.
Vi har trent her i ca. 2 veker no, og bana blir betre og betre.
Aksla har vi klare ambisjonar om å gjere til vårt fort i 2017 !

I forhold til skade/sjukdomsituasjon, so er Lisa Raknes mest truleg ute for resten av vårsesongen etter ein skade
på trening forrige veke. Camilla Smith-Nilsen sin ankel er på betringens veg, men er uansett uaktuell i helga.
Ellers har det vore litt rusk og sjukdom, men alle kan truleg bidra mot Byåsen 2.

– Lørdag 27.05 kl.14.00. Herd er motstandar på Moa Amfi stadion.

Vi tek ein kamp om gangen, men det blir utvilsomt eit særs spennande og intenst lokaloppgjer
mot våre naboar Herd neste helg.

 

J19 NM

– Onsdag 24.05.kl.19.30. Molde er motstandar på Aksla stadion i 1.runde.

Dette blir ein kamp om Møre og Romsdal, der vi møter eit godt Moldelag.
Vinne vi denne kampen er vi klare for 1/8 delsfinalane som går i slutten av august.

 

NM damer

– Onsdag 31.05.kl.18.30. Lillestrøm er motstandar på Aksla stadion i 2.runde.

Norges suverent beste og mest meriterte lag uansett kjønn dei siste åra, kjem til Ålesund den siste dagen i mai.
Her håpar vi alle kjenne si besøkelsestid og vil vere med å skape ein folkefest på fantastiske Aksla.
Kan vi klare 500 tilskodarar !?

Set av dagen og bli med å setje jente og damefotballen på Sunnmøre i fokus, det fortjenar jentene !

Vi gledar oss og er klare for ein hektisk fotballperiode ?

Vi håpar mange tek turen og skapar ei flott ramme rundt alle desse kampane !

Sportsleg helsing:

Magne Elde