Tynset – FK Fortuna Ålesund

4.serierunde

Etter uavgjort i Trondheim forrige helg, so var vi gira på å komme tilbake på

vinnarsporet på Tynset i dag. Det skulle vise seg å ikkje bli noko av……..

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Anna Fjørtoft
Camilla Smith-Nilsen, Vivain Saadi, Ingrid Vatne
Kari Skovly

Innbytte :
-46min. Camilla ut(skade) og Stine Reite inn.
-64min. Ingrid V ut og Birgitte Bjørlykhaug inn.

-64min. Anna ut og Ida Kroken inn.

-74min. Stine M ut og Oda Tennfjord inn.

Slik kom måla :
– 1-0 33min. Etter eit kast, so dreg ein Tynset-spelar dreg seg inn i bana spelar ballen ut til ein medspelar som får

stå upressa og dunke ballen i mål frå ca. 20 meter.
– 1-1 36min. Stine M kastar til Camilla som fossar forbi backen og slår eit innlegg der ein Tynset-spelar set ballen i eige mål.
– 2-1 62min. Vi har 5 meter og etter eit forsøk på frispeling, so spelar vi ballen rett i beina på ein Tynset-spelar som skårar sikkert.

 

Kampen :

Dette vart ein kraftig nedtur !

Prestasjonen i dag er dessverre langt under pari av oss som lag.

Vi er jo spelemessig “best” frå start til slutt, men vi fortsette “å gje vekk” baklengsmål,
samstundes som vi sjølve i dag skapar alt for lite offensivt.

Førsteomgangen kan ein under tvil seie er godkjend, etter pause er vi særdeles svake.

Vi missar på dei enkle tinga, vi spring ikkje nok, vi duellerar ikkje godt nok, ja, vi er rett og slett langt

under det nivået vi må vere på om vi skal vinne fotballkampar.

Vi har ein stor jobb å gjere fram mot neste helg mot Byåsen 2, då vi går inn i ein periode med 4 kampar

på 10 dagar.

 

* Camilla måtte ut med skade(ankel) like før pause. Eit kraftig overtråkk, som vi berre må avvente for

å sjå kor lenge ho blir satt ut av spel.

Med sportslig hilsen:

Magne

 

Kategorier: Nyheter