FK Fortuna Ålesund – LSK Kvinner
2.runde NM Aksla stadion.

På ein flott fotballkveld med godt besøk på tribunene på ærverdige Aksla Stadion,
so fekk ein sjå Norges beste lag på kvinnesida mot Sunnmøres beste jenter.

Tribune : Ca. 375 tilskodarar.
Dommar : Tove Marie Ringen, Velledalen og Ringen FK.
Gule kort : Ida Kroken.

Slik starta vi : 4-5-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Kari Skovly, Mette Muri(K), Stine Reite, Vivain Saadi, Ingrid Vatne
Malin Sunde
Innbytte :
– 15min. Malin(skade) ut og Ida Kroken inn.
– 46min. Oda ut og Helena Vattøy inn.
– 60min. Ingrid V ut og Anna Fjørtoft inn.

Mål :
– 0-1 20min. – 0-2 33min. – 03- 37min. – 0-4 43min.
– 0-5 63min. – 0-6 78min. – 0-7 89min.
Video med høgdepunkt og alle mål kjem i morgon

Kampen :
Medan mange toppserielag har sendt utpå bana lag med store delar av “andrerekka”,
so køyrde LSK på med omtrent identisk lag frå dei siste seriekampane frå start.
Dette gav oss ein fantastisk referanse på kor det aller øverste nivået i landet ligg.
LSK var gode og påskrudd, veldig gode !
I andredivisjon er det stort sett vi som har ballen i 70-80 % av tida, medan i dag var det omvendt, minst !
Frå start har vi nok litt for stor respekt, men det handlar jo til sjuande og sist om at vi møter eit klart betre lag.
Vi klarar å halde unna dei første 20 minutta, og 2-0 kjem etter ein drøy halvtime.
LSK skårar to mål til like før pause, og kan ta med seg 4-0 leiing i garderoba.
Kun ved nokre få høver klarar vi å utfordre LSK før pause.
Vi får gjort nokre små justeringar i pausa, og får litt betre defensiv kontroll i andreomgangen.
LSK går i 5-0 etter vel timen spelt, medan dei to siste mål ikkje kjem før i kampen sin sluttfase.
Vi klarar og tørr litt meir med ballen etter sidebytte, og Kari er ved eit par høver ikkje veldig langt frå
å skaffe oss eit trøstemål.
Uansett, 7-0 gjer eit heilt greit bilde av kampen.
Eg synst jentene leverte ein godkjent kamp ut frå forutsetningane, og vi får fantastiske referansar
som vi kan ta med oss i den vidare jobbe med å igjen føre FK Fortuna tilbake blant Norges 15 beste lag
på kvinnesida.

Ein kan ikkje la vere å skrive om denne kampen utan å nevne Marte i mål og Kari ute på bana i dag.
Marthe leverar ein klassekamp i mål. Offensiv, trygg, god med beina og med fleire gode redningar.
Kari leverar ein vanvittig kamp ute på bana. Ho legg ned ufatteleg mange meter, utfordrar LSK sine spelarar
gang på gang med sin ekstreme fart og touchen set i dag. Kari hadde verkeleg fortjent ei skåring, for å
krone denne kampen.
Begge desse jentene leverar sin beste fotballkamp nokon gang og det mot Norges beste lag, det er RÅSKAP i praksis !

NM for damer hadde vi aldri vunne like vel, NM J19 med andre ord, der skal vi bli farlege utover høsten ?

Dette var vår 4 kamp på 10 dagar(prøv det den som vil ?), med kun 14-15 disponible spelarar.
Jentene har levert og no får dei fortjent fri fram til mandag, før vi startar på dei 3 siste vekene før sommaren.
Vi har 3 viktige seriekampar før sommarferien, målet er 9 poeng og eit perfekt utgangspunkt før høstsesongen.

Vi takkar LSK for ein fair kamp og ynskjer dei lykke til vidare !

Sportsleg helsing

Magne Elde

Kategorier: Nyheter