FK Fortuna Ålesund – Hødd

11. serierunde 24.08. Aksla stadion.

Eit Fortunalag i målform har valsa over den eine motstandaren etter den andre i starten på høstsesongen, og i dag skulle det gå utover Høddjentene.

Resultat : 10-1(5-1).  Gule kort : Agata Droździk. Dommar : Kristoffer Nevstad, Aksla IL.  Tribune : 110 tilskodarar.

* Agata fekk sitt 1. gule kort i Fortunadrakta, men sitt 4. for sesongen og må sone for 4 gule kort mot Nardo neste helg.

Mål :

0-1 2min. Hødd kastar og spissen får vende seg fri og frå gode 20 meter dunkar ho ballen i mål i motsatt vinkel.
1-1 13min. Agata svingar ein innoverskrudd corner som Mette kan stige til værs på og hedde i mål frå bakre stolpe.
2-1 17 min. Mette heddar eit utspark i beina på Anna som på 1 touch flikkar igjennom Solveig på løp. Frå 17 meter set ho ballen vakkert i mål via stolpe heilt oppe i hjørnet.
3-1 18 min. Kari fangar opp ei på tverspasning høgt oppe i bana før ho spelar igjennom Mette på løp i bakrom. Ho slår strålande på tvers framfor mål og frå 5-6 meter kan Anna breiside ballen i mål i hjørnet.
4-1 41min. Eit godt etablert angrep der Cecilie trer opp på ei feilvendt Anna som får kontroll og spelar ut på venstresida til Nora. Ho svingar inn i boks der Agata går opp og heddar i mål over keeper frå 7-8 meter.
5-1 43min. Kari vinne ballen høgt etter eit utspel og fossar inn i feltet. Der slår ho på tvers mot bakre, der Solveig køyrer eit par flotte finter før ho er fri og skårar sikkert frå kort hald.
6-1 50min. Solveig snappa reit dårleg utspel frå keeper før ho dreg seg inn i bana og skyte, men keeper reddar. Kari er på plass på returen og skårar sikkert.
7-1 56min. Igjen vinne Kari ballen høgt i bana og spelar til Anna i 16 meteren. Ho vendar opp og skyt i mål via ein Høddspelar.
8-1 59min. Agata heddar eit utspel frå keeper i beina på Anna som flikkar til Solveig på kanten. Ho kjem seg inn i feltet og slår på tvers der Kari si avslutning med venstrefoten «snike» seg i mål i hjørnet via keeper.
9-1 60min. Cecilie slår ei strålande diagonalpasning 40 meter over til Solveig på venstresida vår. Ho dreg seg inn i feltet og slår inn langs graste, der Anna møter på første stolpe og hælflikkar inn si tredje skåring for dagen. 
10-1 77min.  Nora kastar til Ingrid som skjer inn i bana og spelar ei lita pasning til Kari som flikkar vidare til Anna som skårar sikkert i lengste hjørne frå spissen av 5 meteren.

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Stine Reite, Nora Ferstad
Mette O. Muri(K), Oda S. Tennfjord, Agata Droździk
Kari E. Skovly, Anna Brenne, Solveig Engås

Innbyttarar :

-63min. Solveig ut og Ingrid Vatne inn.   – 70min. Cecilie ut og Ellijanne Anderson inn.   – 70min. Kristine ut og Stine inn.   – 70min. Agata ut og Vilde Kroken inn.   – Oda ut og Amalie E. Sandvik inn.

Kampen :

Etter ein litt treig start og under 0-1 etter kun eit par minuttar, så er det likevel aldri tvil om at dette skal bli noko anna enn totaldominans i store periodar. Den siste halvetimen av førsteomgangen spelar vi strålande angrepsfotball, der vi skapar mange målsjansar og stoppar ikkje før vi har skåra 5 mål før pause.
I pausa er det gode diskusjonar og fokus på kva vi kan jobbe med for å bli endå betre.

Vi skårar hyppig første delen av andreomgangen, og puttar totalt 5 mål også etter sidebytte. 19 store målsjansar og 10 mål totalt, gjere at vi ikkje kan vere anna ein fornøgde med både prestasjon og resultat i dag. Ein ny meget god prestasjon av heile gjengen !

Kaptein Mette om kampen :

Vi er ikke helt på fra start og Hødd går tidlig opp i ledelsen. Vi jobber oss inn i kampen sakte men sikkert og får tre kjappe mål. Det er mye spill mot et mål og vi har mange fine kombinasjoner i det offensive spillet. Vi står også godt imot bakfra og rydder godt unna det Hødd har å komme med. En solid hjemmeseier og vi satser på å ta med oss denne gode flyten i de neste kampene 

😊

Trenarkommentar : 
På tre seriekampar etter ferien er fasiten 3 sigrar, 9 poeng og 22-2 i målskilnad. Vi er rett og slett i strålande form og har i alle desse kampane vore fleire klassar betre enn motstandarane. 
Vi har divisjonens desidert beste grunnspel som kombinert med formen og sjølvtilitten vår for tida, gjere at motstandarar som er svakare enn oss berre blir «feia» av bana. Vi veit at det blir dei tøffe kampane i september som kjem til å bli avgjerande i kampen om seriegull og retten til kvalifiseringsspel til 1.divisjon. Klarar vi å fortsette å jobbe like bra framover og vi held troppen stort sett skadefri, så trur eg veldig på at vi skal kunne vere sterkast til slutt !

Laget blomstrar, enkeltspelarar utviklar seg og alle i tropp og støtteapparat har trua på den jobbe vi helde på med, det er eit godt utgangspunkt for at vi saman skal få ein flott og spennande høst.

 Resultat i helga :
Molde – Herd, 1-1.
Nardo – Træff, 1-4.
Trondheims Ørn 2 – Sunndal, søndag.

Tabell :

Nr.LagKamparMålskilnadPoeng
1Fortuna Ålesund1153-1025
2KIL/Hemne1030-725
3Molde1029-923
4SK Herd1126-1919
5Trondheims Ørn 1819-1012
6Hødd1115-3617
7Træff1118-317
8Nardo108-414
9Sunndal106-403

Neste kamp går på heimebane alt kommande lørdag 31.august kl.12.00(merk tida!) mot Nardo på Aksla.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund

Kategorier: Nyheter