Sunndal – FK Fortuna Ålesund
10.serierunde 17.08. Sande stadion.

Kunne Fortunagjengen fortsette den strålande starten på høstsesongen, var det store spørsmålet før dagens borte kamp på Sunndalsøra.

Resultat : 1-5(1-4).
Gule kort : Marthe Bjørhovde + 2 til Sunndal.
Dommar : Arnt Ivar Dale, Elnesvågen og Omegn IL.
Tribune : ca. 60 tilskodarar.

Mål :
-0-1 4min. Agata slår ein innoverskrudd corner som keeper slår ut. Ballen landar i beina til Nora, som spelar den ut på høgresida der Cecilie har skaffa seg rom. Ho slår eit god innlegg i boks som Solveig styrar i mål med innsida av foten på halv volley heilt ute i hjørnet frå ca. 10- 11 meter. Ei meget god avslutning av Solveig !


-0-2 24min. Stine kastar i beina på Anna inne i Sunndal sin 16 meter. Anna vendar av spelaren og slår eit hardt innleg langs graset, der Solveig er på plass og avsluttar frå 7-8 meter. Keeper reddar, men på returen er Agata på plass og set inn sitt første mål i Fortunadrakta frå kort hald.


-0-3 33min. Nora slår innoverskudd corner mot bakre stolpe. Den går over alle og rett i mål ! Ballen touchar so vidt ein Sunndalspelar rett etter at den har passert mållinja.


-1-3 40min. Mette mistar ballen på midtbana, Sunndal spelar inn i bakrom mot sin spiss, som kjem på ballen før Marthe og kan til slutt skyte ballen i det opne Fortunamålet.


-1-4 45min. Nora vinne ballen lavt i bana før ho sender ei god pasning til Solveig, som spelar igjennom Anna. Ho vendar seg fri frå stopparen og sleppe ballen vidare til Daniela på løp, som åleine med keeper avsluttar sikkert i hjørnet. Ei meget god kontring !

1-5 56min. Vi spelar etablert mot Sunndal. Nora spelar på ei Solveig som har kome inn i mellomrom, før ho sleppe ballen vidare til Agata. Ho dreg seg litt inn igjen i bana før ho slår ein perfekt ball inn mellom Sunndal-stopparane, der Anna brukar første touch til å få kontroll før ho set sikkert inn sitt 10. seriemål for sesongen med venstrefoten.

Anna Brenne er no toppskårar i 2.divisjon med sine 10 seriemål !

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri(K), Amalie E. Sandvik, Agata Droździk
Daniela Dögg Gudnadottir, Anna Brenne, Solveig Engås

Innbytte :
-60min. Amalie ut og Oda S. Tennfjord inn.
-60min. Solveig ut Vilde Kroken og inn.
-60min. Kristine ut og Ellijanne Anderson inn.
-60min. Daniela ut og Ingrid Vatne inn.
-60min. Agata ut og Martine A. Olsen inn.
-80min. Nora ut og Kristine inn igjen.

Oda Sperre Tennfjord spelte i dag sin 50. kamp i Fortunadrakta !

Kampen :
Direkte frå avspark tok Fortuna tak i lørdagens kamp på Sande stadion.
Kun etter vel 4 spelte minuttar får vi den viktige og tidlege 1-0 leiinga vår ved Solveig som skårar sitt 8. seriemål for sesongen på ei flott avslutning.
Etter leinga fortsette vi å trykke på heimelaget, vi skapar også eit par store målsjansar, men må vente til vel halvvelgs omgang før vi kan auke til 2-0 med Agata sitt første mål for klubben.
Etter solide første 30 minuttar, så er det Nora som skrur ein corner rett i mål til 3-0 leiing. Sjølv om vi er litt for utolmodige med ball i periodar og burde brukte ballen litt meir litt oftare, så har vi full kontroll på kampen og Sunndal har knapt våre nær målet vårt, då dei for enkelt får redusere til 1-3 på oss 5 minuttar før pause.
Vi slår ganske kjapt tilbake etter ei god kontring, der vi aukar til 4-1 ved Daniela.
Førsteomgangen er solid, utan av det flyte 100 % mot eit heimelag som skal ha honnør for å jobbe knallhardt heile vegen.

Andreomgangen startar litt rufsete, der vi gjeve vekk ein stor målsjanse som Marthe reddar strålande.
I kampens 51. minutt viser Agata fram pasningsfoten sin og Anna viser kven som er divisjonens beste spiss og toppskårar, då ho set inn 5-1 skåringa og sitt 10 seriemål for sesongen.
Vi ynskjer å halde heile troppen i gang og gjere 5 bytter etter 60 minuttar. Som naturleg er med så mange bytter, så går det litt ut over relasjonane og det trenge litt tid for å setje seg. Det blir få klare målsjansar siste delen av kampen, eg tel vel ein stor til kvar av laga.
Mot eit heimelag som verkeleg står på og krigar, så blir det berre små glimt av godt angrepsspel frå vår side, men uansett kontrolerar vi kampen bra inn.
Alt i alt ein kamp der vi er best og har full kontroll !

Kaptein Mette om kampen :
Vi er på fra start og får ei tidlig scoring, resten av 1.omgang er det nesten bare spill mot et mål og vi skaper noen store målsjanser. I 2.omgang «lugger» det litt mer, selv om vi har god kontroll på Sunndal. En dag der alt ikke flyter er det uansett sterkt ta med seg 3 viktig poeng.

Trenarkommentar :
Å ta med oss den gode sjølvkjensla frå starten på høstsesongen og gå ut å dominere kampen frå start,
var utgangspunktet i lørdagens kamp. Vi ynskja ei tidleg skåring og fekk heldigvis den. Sunndal borte er ikkje alltid “a walk in the park”, men på ei fin og litt tung grasbane så kjempar heimelaget alltid tøft og det blir mange kast og dødballar.
I fotball som resten av livet er det flest kvardagar, festfotballen kjem kansje i 1-2 av 10 kampar,
ellers handlar det om å gjere jobben og ta dei poenga ein skal. Vi gjere ein solid jobb, tek tidleg kontroll i kampen og får med oss eit godt resultat heim.
Vi skal også ta med oss at vi har 5 ulike målskårarar, vi skårar ulike typar mål og ikkje minst at vi igjen får nytta heile den gode troppen vår.
Direkte frå dødball, etter dødballar, på kontring og skåring i etablert angrep i kampen betyr at vi
beherskar mange ulike fasar av spelet. At vi «surrar» litt med ball ved nokre høver og gjeve vekk 2-3 heilt unødvendige målsjansar likar vi sjølvsagt ikkje, men då har vi noko å jobbe med 😊

No ser vi fram mot ei ny treningsveke og ikkje minst nytt Sunnmørsderby då vi får Hødd på besøk på Aksla neste helg.

Resultat i helga :
Nardo – Hødd, 1-1.
Træff – KIL/Hemne, 0-4.
Herd – Trondheims Ørn 2, søndag.

Tabell :

Nr.LagKamparMålskilnadPoeng
1KIL/Hemne1030-725
2Fortuna Ålesund1042-922
3Molde928-822
4SK Herd925-1817
5Hødd1014-2612
6Trondheims Ørn 2719-1011
7Træff1014-304
8Nardo97-374
9Sunndal106-403

Neste kamp er eit nytt Sunnmørsderby, då vi tek imot Hødd lørdag 24.08.kl.13.00 på Aksla.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund