FK Fortuna Ålesund – Trondheims Ørn 2
5.serierunde 25.05. Aksla stadion
.

Resultat : 3-1(2-0).
Gule kort : Mette O. Muri + 1 til TØ 2.
Dommar : Zenum Murati, Giske IL.
Tribune : Ca.80 tilskodarar.

Mål :
-1-0 1min. Vi går rett i angrep. Den lange ballen frå Mette er innom både Kari og Martine pluss eit par Ørn-jenter, før Solveig vinne ballen og spelar til Anna som fossar inn i 16 meteren og slår ballen på tvers inn framfor mål. På bakre stolpe dukkar Ingrid opp og skårar.
-2-0 34min. Anna får tak på ein ball på ca. 30 meter og spelar til Martine. Ho spelar ut til Ingrid på kanten som utfordrar backen på utsida, kjem seg forbi og avsluttar. Keeper reddar skuddet frå Ingrid, men på returen er solveig på plass og skårar frå 5-6 meter.
-2-1 60min. Ein andreball etter ein dødball fell i beina på TØ sin spelar, som på halvvolley dunkar ballen vakkert i mål heilt oppe under tverrleggaren frå 22-23 meter.
-3-1 82min. Nora slår frispark frå 40 meter og ca. midt på bana. Frisparket er perfekt slått, Reite hoppar opp og ballen går like over
ho og treff ein Ørn-spelar slik at ballen til slutt landar i mål.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Oda S. Tennfjord og Solveig Engås
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-61min. Kari ut og Daniela Dögg Gudnadottir inn.
-68min. Martine ut og Stine Reite inn.
-77min. Oda ut og Vilde Kroken inn.
-85min. Solveig ut og Helena L. Vattøy inn.
-85min. Stine ut og Ellijanne Anderson inn.

Kampen :
20 sekundar(!) tek det frå dommar Murati bles i fløyta for avspark, til Ingrid har satt ballen i mål til 1-0 leiing til oss. Ein perfekt start.
Eit godt spelande TØ tek tak i ballen og styrer banespelet dei neste 20-25 minuttane. Likevel klarar vi å stå i mot, slik at dei ikkje kjem til dei store sjansane. Det er vi som er farlegast framfor måla, og får eit par store målsjansar etter kontring og dødball.
Vi gjere nokre taktiske justeringar og får betre defensiv kontroll i andre delen av omgangen.
På vår fjerde store målsjanse i omgangen, så er det klart for 2-0 leiing ved Solveig etter knappe 35 spelte minutt.
Sjølv om TØ har ballen mest før pause i dag og viser til tider strålande ferdighetar, så skapar dei ikkje ein einaste skikkeleg målsjanse ut av ballovertaket. I pausa jobbar vi godt med justeringar og engasjementet er stort. Iveren er så stor at dommar Murati må blåse heile 3 gangar i fløyta før vi registrerar at pausa er over
TØ startar andreomgangen best, men skapar heller ikkje no det heilt store framfor Marthe i Fortunamålet. Ikkje før klokka viser at timen spelt er passert, då får ein TØ-spelar eit strålande treff og reduserar til 2-1.
Etter dette tek vi verkeleg tak i kampen igjen, pressar høgt og får brudd på bortelaget fleire gangar i gode posisjonar. Vi føler vel eigentleg at vi bør punktere kampen etter eit par store sjansar ved Ingrid og Solveig. Heldigvis viser Nora sin gode dødballfot seg fram nok ein gang, og eit sjølvmål etter ein Nora-dødball sikrar oss 3-1 sigeren knappe 10 minuttar før slutt. Dei siste minuttane har vi total kontroll og kan tilslutt juble over vår første siger over TØ 2 nokon gang.

Kaptein Mette om kampen :
Vi møter et godt og ballbesittende lag og blir liggende lavt store deler av første omgang.
Likevel skaper vi en del farligheter og scorer to viktige mål.
Andre omgang tørr vi mye mer med ballen selv og kunne fort ha scoret flere.
Alt i alt en god kamp, vi jobber for hverandre og tar tre fortjente poeng !

Trenarkommentar :
Vi bryte stadig nye barrierar med denne gjengen !
For første gang slår vi eit TØ 2-lag som vi har slete mot. Sjølv om vi periodevis slite med dei teknisk dyktige Ørnjentene i dag, så står vi godt i mot og vinne til slutt særs fortjent. Sjølv om TØ har ballen mest totalt sett, så skapar dei vel ikkje ein einaste stor målsjanse på oss i dag utanom skåringa. Vi skapar 8 store målsjansar og skårar 3 mål.
Fotball handlar om spel og motspel, om å takle ulike kampbilder og ikkje minst om å vere mest mulig effektiv når romma og mulighetane byr seg. Her var det klasseskilnad i vår favør i dag, mot eit bortelag med 6 spelarar med aldersbestemte landskampar frå start. I dag var det ein strålande laginnsats, kombinert med at fleire spelarar stod fram.
«Å prestere betre i toppkampane» er eit av delmåla som spelargruppa har satt for årets sesong.
No har vi spelt 3 toppkampar dei siste 2 vekene(Molde og K/H i cupen og TØ i dag), der vi har vore best og vunne fortjent i alle kampane.
Då har vi eit strålande utgangspunkt før den største toppkampen av dei alle, borte mot Molde neste helg. Vi skal fortsette å spele med senka skuldre, tørre å utvikle oss og ikkje minst spele med ei enorm sigerslyst !
Molde – bring it on !

Andre kampar i helga :
Herd – Træff, 2-1.
Hødd – Molde, 1-3.
Sunndal – KIL/Hemne søndag.

Tabell :

  1. Fortuna Ålesund, 5 kampar, målskilnad 23-1 og 13 poeng.
  2. Molde FK, 4 kampar, målskilnad 11-1 og 12 poeng.
  3. Herd, 5 kampar, målskilnad 6-7, 8 poeng.
  4. Hødd, 5 kampar, målskilnad 6-8 og 7 poeng.
  5. KIL/Hemne, 3 kampar, målskilnad 4-2, 6 poeng.
  6. Trondheims Ørn 2, 4 kampar, målskilnad 10-10, 5 poeng.
  7. Træff, 5 kampar, målskilnad 8-8, 3 poeng.
  8. Nardo, 4 kampar, målskilnad 5-15, 3 poeng.
  9. Sunndal, 5 kampar, målskilnad 0-26, 0 poeng.

Vår neste seriekamp er borte i toppkamp og fylkesderby mot Molde på Aker stadion lørdag 1.juni.

Takk til dagens kampsponsor : Brisk – sjekk ut www.brisk.no

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund