FK Fortuna Ålesund – Nardo

12.serierunde 31.08. Aksla stadion.

Ny heimekamp og ein ny fotballkamp for Fortuna der å «eige» ballen gjennom omtrent samtlege 90 minuttar var kampbildet også i dagens kamp.

Resultat : 5-0(1-0). 
Gule kort : Ingen.
Dommar : Steinar Hjelle, 
Tribune : ca. 50 tilskodarar.

Mål :
1-0 17min. Vi spelar eit langt etablert angrep, før tilslutt Ellijanne slår eit innlegg som havnar på 16 meterstreken. Det blir litt «klabb og babb» før ballen fell i beina på Ingrid på 20 meter. Ho legge til rette med høgra før ho skyt i mål med venstra frå ca. 17-18 meter. 
2-0 53min. Nora slår ein flott utoverskrudd corner som Kristine stige til værs på og heddar i mål får 3-4 meter. 
3-0 56min. Solveig heddar eit utspark frå keeper til Anna som heddar vidare til Nora. Ho spelar på 1 touch igjennom Ingrid motsatt, som dempar ballen i boksen før ho avsluttar sikkert i hjørnet åleine med keeper.
4-0 73min. Etter nokre kombinasjonar blir Vilde lagt i bakken i 16 meteren. Anna sete straffa sikkert i mål.
5-0 80min. Nora slår ein perfekt innoverskrudd corner som Helena heddar i mål frå bakre stolpe.

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Kristine Gulbrandsen, Ellijanne Andersson
Mette O. Muri(K), Amalie E. Sandvik, Vilde S. Kroken
Nora M. Ferstad, Anna Brenne, Ingrid Vatne

Innbyttarar :
-46min. Mette ut og Solveig Engås inn.
-75min. Cecilie ut og Helena L. Vattøy inn.

* Ingrid Vatne spelte i dag sin kamp nr. 50 i Fortunadrakta og «feira» jubileumet med 2 skåringar 🙂
* Helena L. Vattøy fekk saman med Ingrid utdelt blomster for 50 spelte kampar i dag. Helena passerte 50. spelte kampar mot KIL/Hemne før ferien.

Kampen :
La oss ikkje bruke for mykje tid på å beskrive kampen, for det kan gjerast ganske enkelt – spel mot eit mål i samfulle 90 minuttar. I førsteomgangen skapar vi ikkje nok målsjansar, eigentleg kun ein skikkeleg stor målsjanse utanom skåringa. 
Vi nyttar pausa til gode og små justeringar, og kjem på bana med ny energi etter sidebytte.

Spesielt først 15-20 minuttane er strålande, då køyrer vi verkeleg over bortelaget og leverar både målsjansar og skåringar.

Totalt sett skapar vi 10 stor målsjansar etter sidebytte og skårar 4 mål.

Kva med bortelaget Nardo då ? Jo, sjølv om dei periodevis knapt er over midtbana, så skapar dei to store målsjansar på kontringar som begge går i tverrleggaren før vi får kontroll.
Eit kamp med total kontroll og ein særs fortjent og solid siger.

Kaptein Mette om kampen :
Vi har god kontroll hele kampen og det var aldri tvil om hvem som skulle ta med seg poengene. Likevel er vi litt slurvete i valg med ball og upresise i pasningsspillet i første omgang. Et Nardo lag som ligger veldig lavt og stenger de rommene vi ønsker å bruke. Vi hever oss i andre omgang og skaper en hel haug med sjanser. Vi får mer og mer rom utover i omgangen og setter også en del av sjansene vi skaper. En utrolig viktig seier og vi gleda oss no til vi skal inn i de «avgjørende» kampene. E har troa ! 

😊

Trenarkommentar :
Å gå ut på bana å berre «rulle over» motstandaren og banke ballen i mål ofte, ja, so enkelt er det skjeldan uansett motstand. Sjølv om vi «eige» ballen heilt sikkert rundt 95% av tida i dag, så ligge bortelaget ekstremt lavt i bana og forsvarar seg med stor iver og entusiasme. Samstundes har vi ein del nye konstellasjonar ute på bana i dag, så totalt sett er eg meget fornøgd med at vi heile tida prøver og ynskjer å lykkast, sjølv om ikkje alt vi prøvar på lykkast heile tida. 
I kampen mot Hødd forrige veke møtte vi eit Hødd lag som prøvde å spele seg ut bakfrå ofte, noko som gjorde at vi fekk mange brudd høgt i bana og straffa dei på det. Kall det gjerne at vi fekk ein del «lette» mål. I dag møter vi eit Nardo-lag som aldri startar bakfrå, noko som betyr at vi kvar gang må spele oss igjennom Nardolaget og vi får ikkje dei «lette» måla, men må «bryte dei ned» kvar gang. For å beskrive litt av skilnaden på kampbilda i desse to kampane. 

På tre heimekampar i høst står vi med imponerande 22-1 i målskilnad og full poengpott(saman med siger over Sunndal borte, har vi 4 strake sigra i høst – full pott).

Som de ser av tabellen under, så forstår de at dette kjem til å bli eit drama heile vegen inn. Vi går no inn i siste ¼ delen av seriespelet – det er no det skal avgjerast !
For vår del handlar det om å fortsette å trene godt og å ta ein kamp om gangen, og prøve å skape best mogleg prestasjonar i kvar kamp. Fortsette vi å jobbe like bra utover høsten, så trur eg det skal bli mange flotte opplevelsar i høst. 

Eg gledar meg    

😊

Resultat i helga :
Sunndal – Molde, 0-3.
Hødd -Trondheims Ørn 2, 0-6.
Herd – KIL/Hemne, 0-0.

Tabell :

Nr.LagKamparMålskilnadPoeng
1Fortuna Ålesund1258-1028
2Molde1132-926
3KIL/Hemne1130-726
4SK Herd1226-1920
5Trondheims Ørn 11028-1018
6Hødd1215-4212
7Træff1118-317
8Nardo118-464
9Sunndal116-463

Neste kamp for Fortuna er borte mot Trondheims Ørn 2 søndag 8.september kl.13.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund