Nardo – FK Fortuna Ålesund
4.serierunde 11.05. Nissekollen kunstgress.

Resultat : 0-8(0-5).
Gule kort : Ingen !
Dommar : Ramadan Sadiki, Charlottenlund SK.
Tribune : Ca.30 tilskodarar.

Mål :
-0-1 7min. Nora slå corner som keeper bommar på og treff ein Nardospelar og går i mål etter sterkt press frå Kristine.
-0-2 19min. Vi bygge opp angrep bakfrå der Mette vender spelt på ei Nora som har flytta seg opp på Nardo sin banedel. Nora og Ingrid kombinerar før Ingrid slår eit godt innlegg der Kari kjem seg fri og set ballen i mål på volley frå 6-7 meter.
-0-3 27min. Igjen eit strålande etablert angrep ! Nora set i gang med kast på eigen banedel. Kristine og Mette kombinerar, før kapteinen trer opp Kari som kombinerar med Martine på 1 touch i mellomrommet. Martine sleppe ballen vidare på ein touch til Stine som har kome susande opp langs kanten. Stine legge til rette før ho svingar inn eit godt innlegg langs bakken, der Anna på offsidegrensa sleppe ballen forbi seg og Solveig som kjem bakfrå kan berre breiside ballen i mål. Først vart målet annulert – men etter litt diskusjonar, så godkjenne dommaren målet.
-0-4 40min. Stine kastar i beina til Anna inne i 16 meteren. Ho kjem seg fri og skyt eit skyt som keeper reddar. Ho får ballen tilbake og mulighet nr. 2 blir blokkert og fell i beina på Ingrid som skyte. No blokkering som til slutt treffe Kari og igjen sprett i beina til Anna som på forsøk nr. 3 dunkar ballen i mål.
-0-5 42min. Narbo set i gang kort på ein 5 meter. Kari ligg og ”luktar” og då feilen oppstår så stjel ho ballen, rundar keeper og skårar sikkert.
-0-6 52min. Eit nytt etablert angrep med mange trekk før ballen ligg i nettet. Vi frispelar bakfrå via Solveig sentralt som finne Ingrid i mellomrommet, som spelar igjennom til Anna som frå litt skrått hald skyt via keeper og i mål.
-0-7 60min. Kristine slår ein lang ball opp til Anna som kjem seg fri nede på hjørnet av 16 meteren, før ho legge den ut igjen på 20 meter til Solveig. Ho spelar ei kort pasining til Vilde som spelar den vidare til til Kari på kanten. Kari passerar backen og innlegget gjev keeper retur på og der er Vilde på plass og set ballen i mål frå 6-7 meter.
-0-8 72min. Nora slå corner der ballen spelar ping-pong inne i 16 meteren og til slutt treff Kristine i leggen og går i mål.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Vilde S. Kroken og Solveig Engås
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-61min. Vilde ut og Cecilie Otterlei inn.
-61min. Mette ut og Stine Reite inn.
-61min. Stine ut og Ellijanne Anderson inn.
-75min. Solveig ut og Helena L. Vattøy inn.

Helena Vattøy var tilbake i Fortunatroppen og spelte årets første minuttar, etter å ha vore ute på reise sidan nyttår.

Kampen :
Dette er kampen vi styrar totalt frå start til slutt. Vi tek tak i kampen direkte og utanom ei farleg kontring eller to frå heimelaget, så dominerar vi ballen og skårar 5 mål før pause.
Relasjonane sete godt før pause, noko som gjere at vi ofte får satt opp god kombinasjonar og flotte angrep.

I andreomgangen er vi litt mer ujamne i prestasjonane våre, men likevel har vi jo total kontroll og får putta på 3 mål til.Ein kamp der vi aldri er trua og leverar ein bunnsolid prestasjon.

Kaptein Mette om kampen :
Vi tar tak i kampen fra start og ruller opp det ene angrepet etter det andre. Vi er tydelige, gir ballfører flere muligheter og scorer også på mange av de sjansene vi skaper !
I andre omgang detter intensiteten i spillet våres noen hakk og vi blir litt for komfortabel, likevel er det vi som styrer andre omgang også. Alt i alt en solid kamp av oss som vi skal ta med oss og bygge videre på i
de neste tøffe kampene.

Trenarkommentar :
Tru det eller ei, vi er allereie havlvegs i vårsesongen etter 4 spelte seriekampar.
Kva er vel då betre enn å vere der vi ynskjer å vere, på toppen av tabellen!
Ja, vi veit at Molde har ein kamp mindre spelt, men slik vil det vere utover i sesongen då det alltid er eit lag som står over kvar runde. Kampen i går er meget solid levert av jentene, som går til kampen med den
rette innstillinga og haldninga. ENERGIRIKE, MÅLFARLEGE og BALANSE hadde jentene bestemt seg forat skulle kjenneteikne dei i denne kampen, og ein må berre konstantere at dei leverte på alle desse tre punkta 😊
Vi mønstra eit meget ungt lag frå start i går der 8 av 11 held J19 alder. Fire 17 åringar, ei på 16, to på 18 og to på 19 og ein snittalder på 18,3 år.
På benken hadde vi litt meir rutine, då gjengen der tilsaman har over 260 Fortunakampar.

Vi har fått ein god start på sesongen, og etter fri neste helg skal vi i aksjon mot tre topplag på rad i Ørn 2, Molde og KIL/Hemne.
Vi er i god utvikling, vi har bygd eit særs solid defensivt fundament og vi ser stadig forbetring i vårt offensive spel.
På 4 seriekampar har vi fantastiske 20 – 0 i målskilnad. Vi gledar oss til desse toppkampane !

Aller først ynskjer vi å gå vidare til 3.runde NM damer onsdag – då må KIL/Hemne slåast !

Andre kampar i helga :
KIL/Hemne – Herd, 1-2.
Molde – Sunndal, 3-0.
Trondheims Ørn 2 – Hødd, 0-0.

Tabell :
1. Fortuna Ålesund, 4 kampar, målskilnad 20-0 og 10 poeng.
2. Molde FK, 3 kampar, målskilnad 8-0 og 9 poeng.
3. Hødd, 4 kampar, målskilnad 5-5 og 7 poeng.
4. KIL/Hemne, 3 kampar, målskilnad 4-2, 6 poeng.
5. Trondheims Ørn 2, 3 kampar, målskilnad 9-7, 5 poeng.
6. Herd, 4 kampar, målskilnad 4-6, 5 poeng.
7. Nardo, 4 kampar, målskilnad 5-15, 3 poeng.
8. Træff, 3 kampar, målskilnad 2-6, 0 poeng.
9. Sunndal, 3 kampar, målskilnad 0-21, 0 poeng.

Vår neste seriekamp er heime mot Trondheims Ørn 2 søndag 26.mai.

Alt på onsdag 15.mai kl.19.30 møter vi KIL/Hemne heime på Aksla i 2.runde NM damer.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund