Sommaren er ofte tid for litt endringar i spelarstallane pga. studiar o.l.
Dette gjeld så absolutt oss også i sommar.
Som de kan lese i eiga sak, så forlet Camilla Smith-Nilsen og Anna Elise A. Fjørtoft
oss i sommar pga. studiar.

Då er vi særs glade for å kunne presentere dei to første nye inn.

Eller ny er vel ikkje det rette ordet å bruke om Stine Reite(20), som står med 49 seriekampar
for klubben og er tilbake etter eit år i militæret.
Blindheimsjenta er ein flott leiartype og kan bekle fleire roller i laget.
Vi er glade for å ha Stine tilbake !

Ei som verkeleg er nye er Ellijanne Skrede Anderson som kjem frå Nordfjordeid og Eid IL.
Ellijanne fyller 16 år i november og startar på vidaregåande skule(Latin idrett) her ved skuleoppstart.
Ho er ei spelar som har vore med i landslagstropp for Norge J16(spelt 1 kamp), og seinast no i vår var ho teken
ut på skyggelandslaget for J15/16.

Som spelar er ho i utgangspunktet ein midtstoppar som er duellsterk, lese spelet godt og har gode haldningar.
Ellijanne er ein spelar som vi trur kan utvikle seg i vårt miljø, og som vi trur vi kan bygge opp
til å bli ein viktig spelar for klubben i åra framover.

Vi er glade for å ha desse to på plass, og gledar oss til å følge dei begge utover hausten !
I tillegg til dette, så har vi også andre meget solide navn på plass, men dette kjem vi tilbake til
då alle detaljar er i boks 😊

Magne