Lørdag er vi klar for høstens første seriekamp.
Det har skjedd ein del endringar i Fortunatroppen i sommar.

Katarina Sunde(Byåsen), Camilla Smith-Nilsen(studiar) og Anna Fjørtoft(studiar) er alle vekke frå laget i vår.
Tidlegare har vi skreve om Stine Reite og Ellijanne Andersson som er nye spelarar inn i løpet av sommaren.

Det er no klart og ein stor glede at vi kan presentere to nye spennande forsterkningar til troppen vår!

Josefine Ervik (snart 24) har ca. 50 kampar som førstekeeper for klubben i perioden 2011-2013.
I januar 2014 signerte ho kontrakt med Vålerenga, kor ho har vore i over 4 år.
I vårsesongen har Josefine vore pendlande keeper til Arna Bjørnar på utlån frå
Vålerenga, medan ho har jobba som Politi i Ålesund.
Josefine vokta AB-målet i sesongens 4 første seriekampar, medan førstekeeperen
var på landslagsoppdrag med Australia.
Vi er svært glade for å få nytte oss av Josefine sine kvalitetar i høst, og ikkje minst
hennar stor erfaring frå både landslag og Toppserie vil vere positivt for oss.

Velkommen tilbake i klubben, Josefine 😊

Daniela Dögg Guðnadóttir (17) kjem frå den islandske klubben Breidablik.
Ho har familie på Tennfjord og har vore i Norge ved ein del høver.
No skal Daniela bli ein del av Fortunaframtida, og etter å ha trent nokre økter
med oss i sommar, so kjem ho tilbake frå Island kommande mandag og skal vere
speleklar til heimekampen mot Sunndal.
Daniela har fleire aldersfastlagde landskampar for Island sitt J17 landslag.
Som spelar har ho stor fart, gjennombruddskraft, stor løpskapasitet og
ein spennande mentalitet.

Velkomin Daniela 😊

 

Vi har ein klar ambisjon å kunne kjempe heile vegen inn og klare å ta opprykket til 1.divisjon i år !
Difor jobbar vi kontinuerleg med aktuelle spelarar, og ting kan skje heile vegen fram til overgangsvinduet stenger mandag 10.september.
Uansett er det alltid dei spelarane vi har som er viktigast, og vi er særs glade for at ein del usikre kort no vil fullføre sesongen i klubben 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund